Gerard Jakob De Geer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gerard Jacob De Geer af Finspång (fødd 2. oktober 1858 i Stockholm, død 23. juli 1943) var ein svensk geolog og professor ved Stockholms högskola. Han var òg liberal politikar og riksdagsmann, samt friherre.

Frå 1897 til 1925 var han professor i geologi og frå 1902 til 1910 var han òg rektor ved Stockholms högskola. Etter han gjekk av leia han det geokronologiske instituttet ved høgskulen, som var grunnlagt av han sjølv. De Geer forska innan kvartærgeologi og den fysiske geografien. På fleire ekspedisjonar til Svalbard gjorde han ein stor innsats i utforskinga av denne øygruppa, mellom anna ved å innføre ein fotogrammetrisk kartleggingsmetode.

De Geer studerte strandlinjene i Skandinavia og på Svalbard og kom fram til at skråninga til strandlinjene utover mot kysten kom av at landet hadde vorte pressa ned av innlandsisen under den siste istida og seinare heva seg. I verket Om Skandinaviens geografiska utveckling efter istiden (1896) gav han i populær form ei klår og detaljrik framstilling av korleis landisen smelta og nivåendringane i samband med dette.

De Geer er opphavsmann til den geokronologiske metoden, som går ut på teljing og oppteikning av årslag (varv) i leire. Ved hjelp av metoden hans har ein kome fram til ei eksakt tisrekning for dei siste ca. 15 000 åra. Hovudverket hans er Geochronologia Suecica (1940) og gjev ei framstilling av metoden og resultata han kom fram til ved hjelp av metoden. Mange av tidsmålingane til De Geer har etter han døydde vorte stadfesta med hjelp av C-14-datering

Kjelder[endre | endre wikiteksten]