Gerlachovský štít

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gerlachovský štít
Gerlachovský štít - Sørsida av Gerlach
Sørsida av Gerlach
Høgd over havet 2655 moh
Ligg i/på Tatra nasjonalpark,
Flag of Slovakia.svg Slovakia
Fjellkjede Høge Tatra
Primærfaktor 2355 moh
Koordinatar 49°10′02″N 20°7′52″EKoordinatar: 49°10′02″N 20°7′52″E
Fjelltype granitt
Førsteklatring 1834 av Ján Still
Lettaste rute kravling

Gerlachovský štít er den høgaste toppen i Høge Tatra i Slovakia, samt heile den 1500 km lange fjellkjeda Karpatane. Fjellet er òg det høgaste i nordlege og austlege område av Mellom-Europa.

Høgda vert ofte oppført som 2655 meter over havet, men den nøyaktige høgda er 0,6 meter lågare. Pyramideforma til massivet er markert av ei stor dalgryte. Sjølv om fjellet ikkje er veldig høgt, stig det om lag 2000 meter rett opp frå dalbotn og verkar derfor særs imponerande.[1] Tidlegare vart fjellet bre rekna som enno eit fjell i Høge Tatra, men har sidan fått stor symbolsk verdi for dei forskjellige landa som har herska over området. På 1800-talet og fram til midten av 1900-talet hadde det fire forskjellige namn og namna vart endra seks gonger. Fjellet har vore det høgaste i Kongedømet Ungarn, og i Tsjekkoslovakia og Slovakia i løpet av berre to tiår på 1900-talet.

Gerlachovský štít har same geologi og økologi som resten av Høge Tatra. I tida på 1900-talet då austeuropearane berre hadde avgrensa område å feriere i, var fjellet det høgaste tsjekkarar, austtyskarar, ungarar, polakkar og slovakar hadde høve til å vitje.

History[endre | endre wikiteksten]

Gerlachovský štít til høgre med den store dalbotn

Gerlachovský štít vart ikkje tidlegare rekna som det høgaste fjellet i Tatrafjella. Etter dei første offisielle målingane i Tatrafjella i Habsburgmonarkiet på 1700-talet, vart Kriváň på 2494 meter over havet rekna som den høgaste. Andre toppar som ein vurderte om kunne vere dei høgaste på denne tida var Lomnický štít (2633 moh) og Ľadový štít (2627 moh). Den første som fann ut at Gerlachovský štít var det høgaste var skogforvaltaren Ľudovít Greiner i 1838.[2] Greiner sine målingar vart formelt stadfesta då den austerrikske hæren gjorde målingar i 1868, men vart først anerkjend som den høgaste toppen etter at Wien militærinstitutt for geografi gav ut nye kart for Sentral-Europa rundt 1875.[3]

Den første ein kjenner til som nådde toppen av fjellet var Ján Still frå landsbyen Nová Lesná i 1834. I 1880 vart ruta gjennom Velická próba (Velická-utfordringa) og Batizovská próba (Batizovská-utfordringa) sikra med kjettingar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gerlachovský štít

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gerlachovsky Stit». JScoles, SummitPost.org. 27. desember 2005. http://www.summitpost.org/mountain/rock/150749/gerlachovsky-stit.html. 
  2. Ludwig Greiner, «Die Gerlsdorfer Spitze als die höchste Gebirgshöhe der Karpathen.» Gemeinnützige Blaetter zur Belehrung und Unterhaltung, 1839.
  3. Július Burkovský og Igor Viszlai (6. oktober 2996. 2006). «Ľudovít Greiner». Lesy SR (Forests of the Slovak Republic). http://www.lesy.sk/files/lesnik/2006/Lesnik%205_2006/Ludovit_Greiner.htm.