Gertrude Ederle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gertrude Ederle sym.
Ederle vert hylla av folkemengden på Broadway.

Gertrude Caroline Ederle (23. oktober 190530. november 2003) var ein amerikansk symjar. I 1926 vart ho den første kvinna som sumde over Den engelske kanalen.

Under OL 1924 i Paris var Ederle med på å vinne gull på 4 x 100 m frisymjing. I tillegg vann ho to individuelle bronsemedaljar på 100 meter og 400 meter fri.

Då Ederle som første kvinna sumde over Den engelske kanalen, starta ho frå Cap Gris-Nez i Frankrike kl. 07.05 om morgonen den 6. august 1926. Fjorten timar og 30 minuttar seinare kom ho i land ved Kingsdown i England. Rekorden vart ståande heilt til 1950, då Florence Chadwick sumde over kanalen på 13 timar og 20 minuttar.

Berre fem menn hadde greidd å symje over kanalen før Gertrude Ederle. Den beste tida var på 16 timar og 33 minuttar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]