Giambattista Vico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Vico. Måla av Francesco Solimena

Giovanni Battista (Giambattista) Vico (Utt: vˈico) (23. juni 166823. januar 1744) var ein italiensk filosof og retorikar. Han er mest kjend for hovudverket Den nye vitskapen (originaltittel: Scienza Nuova) (1725), som kan reknast som ein reaksjon på René Descartes sin rasjonalisme.

Giambattista Vico var fødd og oppvaksen i Napoli, og blei i vaksen alder knytt til universitetet i byen som professor i retorikk. Trass i at han i dag er rekna som ein av grunnleggjarane av den moderne samfunnsvitskapen og ein føregangsmann for historismen, var han i samtida lite kjend og fekk aldri ein særleg framgangsrik akademisk karriere. I det 19. hundreåret vekte tankane hans likevel stor interesse, og han fekk ein avgjerande innverknad på utforminga av historievitskapen og humaniora. Grunntanken til Vico er at mennesket berre kan oppnå fullstendig erkjenning av det det sjølv har skapt. Naturen er i følgje Vico skapt av Gud, og årsakene til dette vil for alltid vere skjulte for oss. Såleis har ikkje naturvitskapen eit sikkert vitskapleg grunnlag. Vitskap som dreier seg om mennesket og kulturen og samfunnet er derimot noko vi sjølv har skapt, og dei grunnleggjande årsakene til dette kan vi identifisere, fordi dei er ein del av menneskenaturen og er eit resultat av menneskelege handlingar.

Trass desse haldepunkta er Vico klar over at den menneskelege leve- og tenkjemåten endrar seg over tid, og at til dømes antikkens kultur og samfunn ikkje var skapt av menneske som levde i samtida hans, og at menneska i antikken var ulike frå dei som levde i hans eiga tid. Poenget hjå Vico er at alle menneskelege produkt har gjenkjennelege grunntrekk av menneskets medvit i seg. Vidare meiner Vico at alle ulike samfunn som til alle tider har eksistert har nokre fellesstrekk, og at alle folkeslag (utanom jødane) går gjennom tre utviklingstrinn, som set eit særskilt preg på alle fenomen i den aktuelle perioden. Denne tankegangen kom til å påverke historiesynet til både Hegel og Marx.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Krogh, Thomas. Med bidrag av Rolf Theil Endresen, Irene Iversen og Ragnhild Evang Reinton. Historie, forståelse og fortolkning: De historisk-filosofiske fags fremvekst og arbeidsmåter. 4. utg. Oslo: Gyldendal, 2003.
  • «Giambattista Vico» i Store norske leksikon, snl.no.
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.