Georg Wilhelm Friedrich Hegel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Wilhelm Friedrich Hegel

Fødd27. august 1770
Stuttgart
Død14. november 1831
Berlin
NasjonalitetKongeriket Württemberg
Områdefilosofi, logikk, historiefilosofi, estetikk, religion, metafysikk, epistemologi, politisk filosofi, sosialfilosofi
Yrkefilosof, universitetslærar, filosofihistoriker, skribent, rettsfilosof, logikar
InstitusjonarFriedrich-Schiller-Universität Jena
Friedrich-Wilhelms-Universität zu Berlin
Universitetet i Heidelberg
Humboldt-Universität zu Berlin
Alma materUniversitetet i Tübingen
Friedrich-Schiller-Universität Jena
Eberhard-Ludwigs-Gymnasium
Tübinger Stift
DoktorgradsrettleiarFriedrich Wilhelm Joseph Schelling
EktefelleMarie von Tucher
BarnKarl Von Hegel

Georg Wilhelm Friedrich Hegel (27. august 177014. november 1831) var ein tysk filosof. Hans livsverk bestod i utviklinga av eit vidsveimt, filosofisk system, av han sjølv beskrive som ein absolutt idealisme. Han sette dessutan dialektikken i system og føreslo den som ei drivande kraft i både den logiske og historiske utviklinga: «Heile filosofien svarar til ein sirkel av sirklar». Hegel vert gjerne rekna for høgdepunktet i den tyske idealismen. Han vart fødd i Stuttgart, og døydde i Berlin av kolera.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Hegel studerte teologi i Tübingen mellom 1788 og 1793. Han brukte mykje tid saman med studiekameratane, den romantiske diktaren Friedrich Hölderlin og filosofen Friedrich Schelling. Han livnærte seg så i sju år som huslærar i først Bern og deretter Frankfurt. Fram til 1800 var Hegel oppteken med å utvikle sine tankar om religiøse og sosiale emne. Førebilete fann han helst i den tyske opplysningstida, menn som Gotthold Ephraim Lessing og Friedrich Schiller.

Ved hundreårsskiftet vende han interessa mot Immanuel Kant. I 1801 fekk han arbeid som privatdosent på universitetet i Jena, der møtte han Schelling att. Jena hadde vorte eit sentrum for kantianisme då Hegel kom dit. Han hadde lært av Johann Gottlieb Fichte, ein av dei tonegjevande Kant-forskarane. Schelling hadde på si side vorte ein leiande i den romantiske rørsla. Seint i 1801 gav Hegel ut sitt første filosofiske verk, Differenz des Fichteschen und Schellingschen Systems der Philosophie. Til 1803 arbeidde han tett saman med Schelling om å gje ut eit tidsskrift for kritisk filosofi.

Mot slutten av 1806 hadde Hegel avslutta sitt første hovudverk, Phänomenologie des Geistes (utgjeve i 1807). Dette verket avvik ein del frå dei tidlegare, meir Schelling-påverka arbeida hans. Schelling oppfatta ein kritikk i forordet til Fenomenologien som retta mot sitt arbeid, og vennskapen fekk ein brå slutt. Då troppane til Napoleon troppar besette Jena vart universitetet stengt, nett i dei dagar Hegel venta manuskriptet frå trykkeriet. Han forlet byen, jobba i halvtanna år som avisredaktør i Bamberg. Frå hausten 1808 til 1815 var han rektor og filosofilærar på eit gymnas i Nürnberg. I denne perioden skreiv han på det neste hovudverket, Wissenschaft der Logik.

I 1816 fekk Hegel atter arbeid som professor, denne gong ved universitetet i Heidelberg. Allereie i 1818 vart han boden professoratet i Berlin, der arbeidde han til han døydde. For ein tyskspråkleg filosof var Berlin-professoratet den mest ettertrakta stillinga. I 1821 kom det siste større arbeidet mens han levde, Grundlinien der Philosophie des Rechts (Rettsfilosofien).

Hegel vart med åra berømt og han var i 1830 rektor for universitetet.

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

Ein kan hevde at Hegels tankegang spring ut av påstanden: Das Wahre ist das Ganze (‘Det sanne er heilskapen’). Dvs. vi kjenner først sanninga om verda når vi kjenner heile sanninga og heile verda, altså først når vi har den «absolutte kunnskap». Sanninga er noko vi først erkjenner gjennom ein prosess; gjennom den personlege utviklinga og igjennom den sosiale, politiske og kulturelle utviklinga som utgjer verdshistoria. Som ein del av denne erkjenningsprosessen vert vi dessutan på eit tidspunkt bevisst om den særeigne, logiske forma som utviklinga gjennomgår. Hegel sin logikk skil seg vesentleg frå den klassiske logikken.

Ein måte å forenkle Hegels system på er gjennom eit tese-antitese-syntese-skjema (Hegel sjølv avviste ei slik tilnærming). Ideen er at eit erkjennande subjekt legg ut ein tese. Etter at denne vert gjennomtenkt viser det seg at den direkte, motsette tesen, antitesen, pressar seg på. Men begge tesane kan ikkje utan vidare vere sanne, så på eit tidspunkt må ein via logikken til tanken leiast fram til ein ny tese som kan erstatte den gamle tesen og antitesen, men som samstundes både omfattar, inneheld og overskrider dei. Denne nye tesen kallar ein syntesen. Men ein finn straks manglar og sjølvmotseiingar i denne nye syntesen, dermed kjem den sjølv til å opptre som tese i motseiingsforhold til ein ny antitese osb.

Logikk[endre | endre wikiteksten]

Hegel bygde opp eit komplekst logisk system. Systemet har vorte mistolka mange gongar, grunna ein innvikla, tung skrivestil. Logikken hans er delt i tre bøker. Første bok er ei framstilling av verekategoriane, andre bok er ei framstilling av vesenskategoriane og den tredje boka tek føre seg omgrepet inkje. Hegel meinte at dei tre grunnleggjande omgrepa; vere, vesen og inkje er vegen logikken fører til den absolutte sanninga.

Kunstfilosofi[endre | endre wikiteksten]

Etter at Immanuel Kant hadde vist (i sin Kritikk av den reine fornuft) at det er eit innbyrdes spenningsforhold mellom tingen i sig sjølv og tingen for oss, stemmer ikkje kunnskap og eksistens overeins med ein annan for den subjektive bevisstheita, då denne i ein forstand er vorten skilt frå den ytre verda og ikkje kan bringe den indre og ytre verda til einskap. Hegel ser det som oppgåva til kunsten å oppheve denne kløyvinga. Han meiner det skjønne må vere midlet som skapar samsvar mellom bevisstheita og den bakomliggande eksistensen, som er bevisstheita framand. Men det skjønne har mange former, til dømes kan ein oppfatte naturen som skjønn. Hegel meinte at skjønnheita til kunsten er den einaste form for skjønnheit som vil kunne danne bru over denne bresten i den moderne bevisstheita. Dette kjem av at det naturskjønne ikkje lengre kan vise det vakre i ubroten form, ettersom Kants erkjenningsteoretiske omvelting har ført til at naturen for den moderne bevisstheita har teke ein kausal natur og dermed er skilt frå idéen om fridomen. Kunsten, derimot, kan nettopp bringe det ytre saman med det åndelege, eller rettare, redusere det ytre til det åndelege, då kunsten tek parti med idealiteten.

Røyndom er heilskap[endre | endre wikiteksten]

Hegel er idealist og metafysikar. Alt i universet heng ifølgje Hegel saman i ein heilskap, og det ein kallar røyndomen er ikkje ein idé eller noko fysisk bakom erfaring, men derimot den store samanhengen i han. Universet eksisterer berre i den samanlagte bevisstheita åt menneska, dvs. bevisstheita til verdsånda, og det er røynleg berre i sin heilskap, for ein enkelt del kan ikkje eksistere åleine. Tid eller rom finst ikkje korkje forut for eller utanfor universet, ettersom det vil innebere ei kløyving, som Hegel ikkje godtek.

Dialektikk[endre | endre wikiteksten]

Denne holismen gjeld på alle område. Grunntankane til Hegel finn ein att i synet hans på sjølve tenkinga, som han meiner utviklar seg dialektisk. Det vil seie at ei kvar hending på same tid både er utløyst av og er ein tanke hos verdsånda, og at same hendinga straks skaper si motsetning eller mothending. Det vert ei spenning eller ein kamp, som resulterer i ei høgare eining, ein syntese, der tesen og antitesen er sameina i noko høgre. Men også denne nye, høgre eining skaper si eiga motsetning, og resultatet vert ei enno høgre eining, ein ny syntese osb.

På det viset utviklar verdsånda seg heile tida mot ei stendig høgre bevisstheit, som viser seg både i det enkelte menneske (den subjektive ånd) og i familie, samfunn og stat (den objektive ånd), men også i kunst, religion og filosofi, der filosofien er uttrykk for den høgste bevisstheit (den absolutte ånd). Sluttstadiet er den absolutte tilstand eller fornuft, der verdsånda og filosofien vert fullenda.

Historiefilosofi[endre | endre wikiteksten]

Hegel var ein av dei første som utvikla ein historiefilosofi. Grunnlaget for historiefilosofien hans var at han såg alt som ei rørsle, og at sanninga derfor alltid var i endring. Det som var sant for hundre år sidan er ikkje sant i dag. Liksom barnet sakte lærer at det det tidlegare trudde var sant, er falskt, slik gjer også historia.

Kritikk av Hegel[endre | endre wikiteksten]

Søren Kierkegaard ser på mennesket først og fremst som eit individ, og ikkje som ein representant ”det fornuftige vesen”. Tankesystem etter Hegels mønster er for Kierkegaard tankespinn ute av stand til å gripe det eineståande, menneskelege.

Hegel sitt patriotiske syn på den vestlege historia er rekna som problematisk. Medan han stort sett tillegg Vesten ei stendig vidareutvikling, meiner han at resten av verda (Kina i sær) vil henge fast i ein langvarig stillstand. For Hegel er det den kristne tenkinga realisert i germansk statsskikk som vil kome til å gje mennesket full fridom. Denne påstanden er i dialektisk forstand subjektiv (og dermed ufullkomen) og er ein spådom (ikkje kunnskap).

Hegels skrifter vart utgangspunkt for talrike retningar innanfor filosofien, blant anna hegelianismen og marxismen. Ibuande i tenkinga til Hegels finst, ifølgje mange av kritikarane av marxismen, årsakene til dei grunnskavankane det marxistiske systemet ber med seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Georg Wilhelm Friedrich Hegel