Vincent van Gogh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett (1888)
Irisar (1890). Van Gogh er mellom anna kjend for fargesterke bilete av blomar.

Vincent van Gogh (30. mars 185329. juli 1890) var ein nederlandsk kunstmålar. Han er kjend for eit dramatisk sinnsliv og for å ha vore ein føregangar for ekspresjonismen og den moderne kunsten.

Van Gogh byrja å teikne som og barn heldt fram med det gjennom ungdommen, noko som leia fram til at han bestemte seg for å bli kunstnar. Måling byrja han ikkje med før i slutten av tjueåra. Han fullførte mange av dei mest kjende verka sine i løpet av dei to siste åra av livet sitt. På litt over eit tiår produserte han meir enn 2100 kunstverk, som består av 860 oljemåleri og meir enn 1300 akvarellar, teikningar og skisser. Arbeidet hans inkluderer sjølvportrett, landskap, stilleben, portrett og måleri av sypressar, åkrar og solsikker.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Van Gogh var fødd i Zundert i Noord-Brabant til presten Theodorus van Gogh og Anna Cornelia Carbentus. Han studerte sjølv for å blir prest, men tok som trettiåring avgjerda om å bli kunstnar etter å ha prøvd same yrkesveg som broren Theo van Gogh hadde, som kunstseljar.

Potetetarar (1885)
Van Gogh i ca. 1871–1872, 18 år.

I 1880–1881 studerte han teikning under Anton Mauve i Brüssel. Han studerte deretter ved kunstakademiet i Antwerpen. Dei tidlege måleria hans skildrar arbeidar- og bondeliv, som Potetplukkarane (1885).

Paris[endre | endre wikiteksten]

I 1886 flytta van Gogh til Frankrike og verka i Paris, der han blei sterkt påverka av den nye kunsten, impresjonismen. Han trefte kunstnarar som Émile Bernard, Paul Gauguin, Henri de Toulouse-Lautrec, Paul Signac og Camille Pissarro og kom i tillegg til impresjonismen i kontakt med pointillismen. Van Gogh henta òg inspirasjon frå dei enkle linene i japansk biletkunst.

Påverknad frå pointilismen i dette måleriet frå Auvers-sur-Oise.
Van Gogh laga kopiar av japanske kunstverk, mellom anna frå dette tresnittet (venstre) av Ichiyusai Hiroshige.
Stilleben med 12 solsikker (1888)

Arles[endre | endre wikiteksten]

I 1888 drog han til Arles sør i Frankrike, der han utvikla ein personleg, fargesterk kunst med kraftig, rørleg penselteknikk og sterke kjensler, ein stil som gav bod om ekspresjonismen. Her skapte han ei rekkje bilete som er blitt svært kjende i ettertid, mellom anna fleire sjølvportrett og dei kjende solsikkemåleria.

Sjølvportrett med bandasjert øyre (1889)

Samanbrot[endre | endre wikiteksten]

Dette året skar han òg av seg venstre øyret og fekk eit psykisk samanbrot. Kort tid etter blei han lagt inn på eit sinnsjukehus i Saint-Remy. Dei siste to månadene av livet budde han i Auvers-sur-Oise, og her tok han livet sitt den 29. juli 1890.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Stjernenatt (1889)

Medan van Gogh aldri blei godt kjend medan han levde, er han i ettertid blitt sett på som ein stor kunstnar. Innverknaden hans på ekspresjonismen, fauvismen og seinare abstrakt kunst var enorm.

Fleire av måleria hans er kjend som mellom dei mest verdfulle i verda. Dei fleste nederlandske musea har ei samling van Gogh-bilete, og det finst eigne van Gogh-museum både i Amsterdam og Otterlo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vincent van Gogh