Girolamo Cardano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Girolamo Cardano

Girolamo Cardano eller Gerolamo Cardano, latin: Hieronymus Cardanus (fødd 24. september 1501 i Pavia i Italia, død 21. september 1576 i Roma) var ein matematikar, fysikar, astrolog og gamblar i Italia i renessansen.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Cardano er nok mest kjent for oppdagingane sine i algebra. I 1545 skreiv han boka Ars Magna, og her publiserte han løysinga på likningar av tredje og fjerde grad. Løysinga til ein bestemd tredjegradslikning, x^3 + ax = b hadde han fått av Niccolo Tartaglia. Tartaglia hadde fått Cardano til å sverge at han ikkje ville røpe løysinga for nokre, og då han gjorde dette i boka si braut det ut ein langvarig strid mellom dei to. Fjerdegradslikninga vart løyst av studenten til Cardano, Lodovico Ferrari. Begge vart takka i forordet og annanstad i Ars magna. Der gjekk Cardano òg inn på det ein i moderne tid kallar imaginære tal og var i så måte nyskapande, skjønt han ikkje heilt hadde grepet om dei.

Cardano var i kronisk pengenaud og heldt seg sjølv flytande økonomisk ved evnene sine som gamblar og sjakkspelar. Boka hans om lykkespel, Liber de ludoen aleae, skriven i 1560-åra men ikkje utgjeven før i 1663, lenge etter han var død, inneheld den første systematiske handsaminga om sannsyn og har òg ein seksjon om korleis ein kan jukse.

Cardano fann opp eller vidareutvikla ei rekkje mekaniske hjelpemiddel som til dømes kombinasjonslåsen, kardansk oppheng beståande av tre konsentriske ringar som eit kompass eller gyroskop kan rotere fritt i, og det kardanske leddet som tillèt overføring av rotasjonsrørsler i ulike retningar, noko som framleis blir nytta i køyretøy. Han kom med fleire bidrag til hydrodynamikken og meinte at det er prinsipielt umogleg å konstruere noko perpetuum mobile anna enn for himmellekamar. Han utgav to naturvitskaplege oppslagsverk med eit vidt spekter av oppfinninagr, faktum og okkult overtru. Han introduserte òg kardangitteret, eit kryptografisk hjelpemiddel, i 1550.

Den eldste sonen til Cardano, og favorittsonen hans, vart avretta i 1560 etter at han tilstod å ha forgifta den utru hustrua si. Den andre sonen hans var ein gamblar som sjal pengar frå han, og faren skal deretter ha skore av han øyra. Cardano vart sjølv skulda for heresi i 1570 fordi han hadde utarbeidd og offentleggjort Jesu horoskop i 1554. Det kan synast som om sonen hans bidrog på sida til aktoratet. Han vart arrestert og måtte fleire månader i fengsel, og vart tvungen til å sei frå seg professoraret sitt ved universitetet i Bologna.

Han flytta deretter til Roma, mottok ei livsvarig livrente frå pave Gregor XIII (etter at pave Pius V hadde nekta han ein) og fullførde sin sjølvbiografi. Han døydde på den dagen han visstnok lengje hadde føresett astrologisk; nokre fortalde at han vart så ergerleg over at han var i ferd med å overleve dagen at han sørgde for å få rett i spådomen sin ved å ta sjølvmord.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • De malo recentiorum medicorum usu libellus, 1536 (medisin)
  • Practica arithmetice et mensurandi singularis, 1539 (matematikk)
  • Artis magnae, sive de regulis algebraicis (også kjent som Ars magna), 1545 (algebra)
  • De immortalitate (alkymi)
  • Opus novum de proportionibus (mekanikk)
  • Contradicentium medicorum (medisin)
  • De subtilitate rerum, 1550 (om fenomen i naturen)
  • De libris propriis, 1557
  • De varietate rerum, 1559 (om fenomen i naturen)
  • Opus novum de proportionibus numerorum, motuum, ponderum, sonorum, aliarumque rerum mensurandarum. Item de aliza regula, 1570
  • De vita propria, 1576 (sjølvbiografi)
  • Liber de ludo aleae, posthumt (om gambling, handsamar sannsyn)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]