Gjemnessundbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gjemnessundbrua
Gjemnessundbrua.JPG
Offisielt namn Gjemnessundbrua
Transporterer Biltrafikk – 2 felt
Kryssar Gjemnessundet
Veg E39
Stad Gjemnes og Bergsøya i Noreg
Utforming Hengebru
Lengste spenn 623 m
Total lengd 1 257 m
Seglingshøgd 43 m
Opna 1992
Gjemnessundbrua
Gjemnessundbrua
Gjemnessundbrua (Krifast)

Gjemnessundbrua er ei hengebru som kryssar Gjemnessundet mellom Gjemnes på fastlandet og Bergsøya i Møre og Romsdal. Gjemnessundbrua opna i 1992. I dag er brua ein del av Europaveg 39.

I totallengd er ho den lengste hengebrua i Noreg, men ikkje ut frå enkeltspenn. Brua er 1257 meter lang, hovudspennet er 623 meter og seglingshøgda er 43 meter. Brua har 21 spenn.

Krifast[endre | endre wikiteksten]

Gjemnessundbrua er ein del av «Krifast», fastlandssambandet til Kristiansund. Krifast er eit trekantsamband, der tre vegar har møtepunktet sitt på Bergsøya. Bompengar finansierer ein del av dette veganlegget og bomstasjonen ligg på Bergsøya, i knutepunktet mellom desse tre vegane.

Krykkjekoloni[endre | endre wikiteksten]

Gjemnessundbrua har den nest største krykkjekolonien i Møre og Romsdal og ein av dei største i landet. På kvart av bruspenna ligg det tett i tett med krykkjereir. Krykkjer er kolonihekkarar og bygger reir i bratte fjell (fuglefjell) på små berghyller. De små framspringa på bruspennet er utmerka rugeplass for krykkjer.

Eit stort problemet er fugleskit som tærer på betongen og skadar han. Betongen vert meir sårbar for saltinntrengning som gjer at armeringen rustar. Mange bruer må reparerast fordi det salte sjøvannet trekker inn i betongen og får armeringsjernet til å ruste.

Kolonien har vore uønska i fleire år, men krykkjene har nekta å forlate hekkeplassen. I staden for å jage vekk krykkjene legg Vegvesenet til rette for at krykkjene kan bruke brua som rugeplass. Brua har vorte spylt og gjorde rein, og elastisk, sprekkoverbyggande membran er lagt på betongen for å verne mot stoffa i fugleskiten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]