Gjermund Eggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gjermund Eggen under femmila i ski-VM 1966

Gjermund Eggen (fødd 5. juni 1941) frå Engerdal er ein tidlegare langrennar, skiprodusent og gardbrukar. Han tevla for Engerdal Sportsklubb. Eggen var på topp i perioden 1964-69, men la ikkje opp før etter 1974-sesongen. Han bur i Engerdal. Jo Eggen er tvillingbroren hans.

Fremste prestasjonane[endre | endre wikiteksten]

Eggen vart den store vinnaren under VM på ski i Oslo i 1966, med gull på 15 km, 50 km og på stafetten. Han mislukkast på åpningsdistansen 30 km og vart nr 16. På 15 km vart det norsk storeslem, Eggen vann med 15 sekundars margin til Ole Ellefsæter med Odd Martinsen på tredjeplass. Eggen gjekk så sisteetappen på det norske stafettlaget som vann gull, før han runda av meisterskapen med gull på femmila. På denne distansen opna han roleg, men ein god finish gjorde at han slo finnen Arto Tiainen med 10,4 sekundar.

Eggen vart norgesmeister tre gonger, første gong i 1964 (30 km). Dei to siste meisterskapstittelane vann han i gullåret 1966 (30 km og 50 km), dessutan var han det året på Engerdal SK sitt tremannslag som vann stafetten.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1964: Nr 3 på femmila i Holmenkollen
  • 1965: To fjerdeplassar; på 15 km i Holmenkollen og 30 km i Falun
  • 1966: Verdsmeister på 15 km og 50 km og i 4x10 km stafett i Oslo
  • 1967: Nr 2 på 15 km i Lahti
  • 1968: Vinnar av tremila i Falun, nr 3 på femmila i Holmenkollen og på 15 km i Lahti
  • 1969: Nr 1 på 15 km og nr 3 på 50 km i Lahti
  • 1970: Nr 12 på 15 km i Lahti
  • 1971: Nr 12 på 15 km og 50 km i Holmenkollen
  • 1974: Nr 10 på femmila i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1963: Nr 6 på femmila i Kristiansand
  • 1964: Gullmedalje på tremila på Voss, sølv på femmila i Bærum og bronse på 15 km på Voss
  • 1965: Sølvmedalje på 15 km og bronsemedalje på 30 km på Fåberg
  • 1966: To gullmedaljar; 30 km på Hernes og 50 km på Rena. Sølvmedalje på 15 km på Hernes
  • 1967: Nr 8 på tremila, Skorovatn
  • 1968: Nr 4 på 15 km, Bærum
  • 1969: Nr 9 på 15 km, Alvdal
  • 1971: Sølvmedalje på tremila, Fåberg
  • 1972: Nr 9 på tremila, Tydal
  • 1973: Nr 7 på 15 km, Lillehammer
  • 1974: Nr 4 på 15 km, Selbu

Han vann stafettgull med Engerdal Sportsklubb under NM 1966.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Gjermund Eggen vart tildelt både Sportsjournalistenes statuett som ”Årets idrettsnamn” og Morgenbladets Gullmedalje i 1966. I 1968 vart han tildelt Holmenkollmedaljen. I heimkommunen Engerdal er han heidra med ei statue, som vart avduka 5. august 2006, ved sida av skimuseet. Eggen gav i 1966 ut boka 3 x Gull. Han song også inn fleire melodiar som vart utgitt på plate. Etter han slutta med langrenn, starta han opp skiproduksjon i heimbygda. Skia vart kalla Eggen-ski.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar