Glamox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Glamox er ein norsk produsent og leverandør av ljosarmatur og varmeomnar. Føregangaren til Glamox, L/L Maskin-EL, vart sifta av gründaren Birger Hatlebakk, i Trondheim, i 1947. I 1948/49 utvikla Hatlebakk ein unik prosess som gjorde det råd å framstille varmereflektorar av aluminium. Namnet Glamox kjem frå «GLAtt Matt OXidised». I 1951 vart namnet på føretaket endra til Glamox. I 1957 vart produksjonen flytta frå Trondheim til Molde.

I dag er Glamox eit etter måten stort føretak i norsk målestokk, med om lag 1000 tilsette og ein omsetnad på 1.249 Mill NOK (2005).

Glamox produserer hovudsakleg lysarmatur for industri, skipsfart, oljeverksemd og næringsbygg. Føretaket har fabrikkar i Tyskland, Estland, Kina og Canada i tillegg til i Noreg. Den største fabrikken ligg i Molde, der Birger Hatlebakk stifta Glamox i 1957.

Kjelder [endre]