Gometra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gometra
Lokalt namn: Gòmastra
Geografi
Gometra is located in
Gometra ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°29′ N 6°17′ WKoordinatar: 56°29′ N 6°17′ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 4,25 km²
Høgaste punkt 155 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Demografi
Folketal 5 (2001)

Gometra er ei øy i Indre Hebridane i Skottland, vest for Mull. Ho ligg like vest for Ulva, og har brusamband til denne øya og ved lågvatn òg via ein sandbanke. Ho er om lag 4,25 km² stor.

Brua mellom Gometra til venstre og Ulva til høgre

Øya er eit jordbruksområde og tidlegare vart det dyrka korn her for klosteret på Iona. Ein gong budde det over hundre menneske på øya, men i dag er det berre ei handfull att. Det er mykje sau, noko geiter og kronhjort på øya. Av historiske stader på øya finn ein ein gammal gravhaug, ruinane av to festningar og gamle busetnader. Namnet på øya kjem frå det norrøne Goðrmaðray som tyder «krigarprestøya» og det gæliske Gu mòr traigh som tyder «berre ved lågvatn».

I 1932 vart øya seld til den engelske fjellklatraren Hugh Ruttledge (1884–1961). Medan han budde på øya leia han to britiske ekspedisjonar til Mount Everest, i 1933 og 1936. I 1950 flytta han til Dartmoor.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Salkeld, Audrey, Ruttledge, Hugh (1884–1961), mountaineer i Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004Ruttledge, Hugh (1884–1961)