Ulva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulva
Lokalt namn Ulbha
Geografi
Ulva is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°28′30″ N 6°12′0″ WKoordinatar: 56°28′30″ N 6°12′0″ W
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 19,90 km²

Høgaste punkt Beinn Chreagach (313 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Største busetnad Ulva House

Demografi
Folketal 16 (2001)
Folketettleik 0,8 /km²

Ulva (skotsk-gælisk Ulbha) er ei øy i Indre Hebridane i Skottland, utanfor vestsida av Mull.

Ruinane av fleire busetnader ligg på øya og den mest kjende av desse er Ormaig. Øya er privateigd.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tràigh Bhàn, utsyn søraustover mot Ben More på Mull.

Ulva har ei oval form med ein forreven kyst. Ho strekkjer seg 12 km frå aust til vest og er 4 km på det breiaste. Mellom Ulva og Mull går det eit smalt sund, berre eit par hundre meter breitt. I vest ligg øya Gometra. I sør ligg nesa Ardmeanach og Ross of Mull. I nord går Loch Tuath (Loch-a-Tuath) mellom øya og eit anna nes på Mull og i søraust ligg Loch na Keal (Loch nan Ceall) og øya Eorsa. Det er to viker på sørsida, Port a' Bhàta og Tràigh Bhàn. På nordsida ligg vikene Lòn Bhearnuis (Bearnus lagoon) og Soriby Bay.

Det høgaste punktet på Ulva er Beinn Chreagach på 313 meter over havet. Nabotoppen er Beinn Eoligarry på 306 meter over havet. I søraust ligg ein mindre ås, A' Chrannag, på 118 moh.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Ulva var ein del av Argyll før 1974 og Strathclyde etter det. I dag ligg øya i Argyll and Bute.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til namnet Ulva er ikkje sikkert, men det kjem mest truleg frå det norrøne «Ulvøy». Ein er ikkje sikker på om dette viser til namnet Ulv eller dyret ulv.

Old Statistical Account of Scotland skriv at namnet kjem frå ullamh-àth som tyder «klar vadestad», som anten kan vise til tidvasstilknyttinga til Gometra, eller Ulvasundet, der ein kunne føre kveg over.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ulva har vore busett sidan førhistorisk tid.
«VLWA» og omliggande øyar frå Blaeu sitt Atlas Maior (1654)

Ulva har vore busett sidan førhistorisk tid. Dei ståande steiande på øya er datert til 1500 f.Kr. og ein mødding i Livingston's Cave er datert til om lag 5650 f.Kr. Her har ein funne restar av flint og eit menneskebarn.[2] Dwet vart gjort utgravingar i grotta mellom 1987 og 1990 av arkeologar frå University of Edinburgh.[3]

Det er fleire dolmenar og ståande steinar på øya, mellom vest for Cragaig og ein nordaust for Ormaig.

Ulva låg i antikken i grenseområdet til Kongedømet Dál Riata,[4] og i denn eperioden vart gammalgælisk språk først snakka her. Området var truleg ein del av piktarane sine landområde, men det er få spor att etter denne tida. Regionen var av dei første i Skottland som vart kristna. Dette ser ein igjen i mange stadnamn som inneheld orda «Cill» eller «Ceall», som ofte er anglisert som «Kil-» som tyder munkecelle.

Sankt Columba (Colm Cille) vitja Ulva i 563.[3]

Ulva vart seinare ein del av det norske Kongedømet Man og øyane. Rubha nan Gall («utlendingsneset») på nordkysten kan syne til nordmennene.

Ulva kom inn under MacQuarrie-klanen rundt år 1000[5][6] og dei kontrollerte øya fram til midten på 1800-talet. Under det andre jacobittaropprøret kjempa MacQuarrie-klanen i CullodenCharles Edward Stuart si side.[5][3]

Ormaig var ein gong den største busetnaden på øya.
Den einaste huset som i dag er busett

Lachlan Macquarie vart fødd på Ulva i 1762.[7] Han vert stundom kalla «faren til Australia».[4] Han reiste ut då han var 14 og vart guvernør i New South Wales frå 1809 til 1821. Han vendte derimot attende til fødestaden sin og ein kan framleis sjå mausoleet hans ved Gruline ved Loch na Keal på Isle of Mull, med heimøya si i sikte.

Fram til midten av 1800-talet var hovudnæringa på øya hausting av tang og tare, som så vart eksportert.[4] Dette var sesongarbeid og innhaustinga fann stad frå mai til juli, då det var mogeleg å tørke utandørs. Tangen vart vanlegvis brend og oska vart nytta i forskjellige produkt, mellom anna gjødsel og jod.

Francis William Clark kjøpte øya i 1835 og stata ein brutal utkasting av to tredjedelar av innbyggjarane på øyane i løpet av få år. Nokre av dei som vart driven bort fekk inga åtvaring, og fekk takhalmen sett i brann på husa sine. Clark-familien eigde øya til godt ut på 1900-talet. I 1837 var det seksten grender og landsbyar på øya med skomakarar, arbeidarar, båtbyggjarar, kjøpmenn, snikkarar, skreddarar, vevarar og smedar.[3] I 1841 var folketalet på Ulva og Gometra 859, men i 1848 hadde dette falle til 150 på grunn av utkastinga og potetsvelta.[4] I 1889 hadde folketalet på dei to øyane falle til 83, med berre 53 på sjølve Ulva.

Folketalet på Ulva fall utover 1900-talet òg. I 1981 var det 13 innbyggjarar, det lågaste gjennom historia. I 1991 hadde folketalet stige til 30. Clark-familien selde øya i 1945 og ho er framleis i privateige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Ulva» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Bannerman, John, Studies in the History of Dalriada. Scottish Academic Press, Edinburgh, 1974. ISBN 0-7011-2040-1
    • Broun, Dauvit, Dál Riata in Lynch (2001).
    • {Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. s. 102-5. ISBN 1841954543. (Ulva and Gometra)
    • Howard, J. & Jones, A., The Isle of Ulva: A Visitor's Guide, published av Ulva Estate, (2004)
    • Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins. Articles: Ulva & "MacQuarrie, Lachlan"
    • Johnson, Samuel (1775) A Journey to the Western Islands of Scotland. London. Chapman & Dodd. (1924 edition).
    • Livingston, David LL.D., D.C.L., Missionary Travels and Researches in South Africa Including a Sketch of Sixteen Years' Residence in the Interior of Africa og a Journey from the Cape of Good Hope to Loanda on the West Coast; Thence Across the Continent, Down the River Zambesi, to the Eastern Ocean.
    • MacKenzie, Donald W. R. As It Was/Sin Mar a Bha: A Ulva Boyhood Birlinn Ltd (16 mai 2000) ISBN 978-1841580425
  1. Sinclair, Sir John of Ulbster First Statistical Account of Skottland (1791-2). General Assembly of the Church of Scotland.
  2. "The Isle of Ulva: History" Arkivert 2007-08-22 ved Wayback Machine.. The Isle of Ulva-A world apart.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Howard, J. & Jones, A., The Isle of Ulva: A Visitor's Guide, published by Ulva Estate, (2004)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins.
  5. 5,0 5,1 MacKenzie, Donald W. R. (16 May 2000) As It Was/Sin Mar a Bha: A Ulva Boyhood Birlinn Ltd ISBN 978-1841580425
  6. «Stòr-dàta Briathrachais Gàidhlig» (på skotsk-gælisk). Henta 21. februar 2010. 
  7. McLachlan, N.D. «Macquarie, Lachlan (1762 - 1824)». Australian Dictionary of Biography, Online Edition. Australian National University. ISSN 1833-7538. Henta 21. februar 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ulva
Ulva (i midten) sett frå Mull