Gornergletscher
| Gornergletscher | |
|---|---|
|
|
|
| Type | Dalbreen |
| Stad | Valais, Sveits |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 57 km² |
| Lengd | 14 km |
Gornergletscher er ein dalbre på vestsida av Monte Rosa-massivet, nær ved Zermatt i kantonen Valais i Sveits. Isbreen er om kring 14 km lang og mellom 1 og 1,5 km brei. Gornergletscher med alle brearmane dekker ei flatevidd på 57 km² (1999), noko som gjer det til det nest største bresystemet i Alpane (etter Aletschgletscher.
Fleire mindre brear renn inn i Gornergletscher. Ved sidan av hovudarma Gornergletscher er det Grenzgletscher, Zwillingsgletscher, Schwärzegletscher, Breithorngletscher og Theodulgletscher. Tidlegare var også Monte Rosa-gletscher knytt til bresystemet. Grenzgletscher er den største tilførselsbreen.
Gornersee er eit isvatn som vert danna der Gorner- og Grenzgletscher flyt saman. Vatnet vert fylt kvart år, men forsvinn om sommaren. Vanlegvis vert vatnet tømt etter jøkullaup. Det er ein av få isbrear i Alpane der dette fenomenet oppstår.
Bresystmet er kjelde til elva Gornera som renn gjennom sjølve Zermatt. Størsteparten av vatnet vert i dag likevel leidd til ein dam, og går så med til å produsere elektrisk kraft.
Utsyn mot isbreen og dei i kring liggjande fjella har ein frå fjellet Gornergrat (3 100 m), dit det går jarnbane frå Zermatt.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Gornergletscher» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2010.