Grøn sosialisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nemninga grøn sosialisme blir bruka av og om demokratiske sosialistar som òg er opptekne av økologi, altså miljømedviten venstresosialisme.

Rundt 1970 var Ottar Brox og Hartvig Sætra sentrale i å leggje det teoretiske grunnlaget for ein grøn sosialisme i Noreg. Sætra si bok Populismen i norsk sosialisme i 1971, var særs viktig i denne samanhengen. Boka kom ut med ny tittel Den økopolitiske sosialismen frå 1973. Ho er komen i fleire opplag sidan. Hovudinnhaldet her kom til å få svært stor innverknad i Sosialistisk Venstreparti.

Nemninga er òg blitt bruka om venstresida i Senterpartiet. I 1971 gav stortingsrepresentant Bjørn Unneberg ut boka Grønn sosialisme for utkantproletarer. Noen folkelige grunntanker om frihet, likhet og brorskap i vår tid. Delar av denne linja har overlevd i partiet heilt fram til i dag, og er kanskje ein av grunnane til at partiet deltek i eit regjeringssamarbeid med SV og Arbeidarpartiet.

Somtid blir nemninga raud-grøn bruka om denne politiske retninga, som ein altså finn i SV og delar av Senterpartiet, men raud-grøn er også bruka i ei anna meining no for tida, om alliansar mellom «raude» og «grøne» parti, som det nemnde regjeringssamarbeidet.

Døme på grøne sosialistparti er dei nordiske venstrepartia i Nordic Green Left Alliance, mellom dei norske SV.

SV viser sin grøne sosialisme symbolsk i partilogoen, som har ein raud S og ein grøn V forma som ei plante.

SV oppstod i opposisjon til det dei meinte var det etablerte Arbeidarpartiet sin pro-kapitalistiske, teknokratiske og sentralistiske kurs, i tillegg til utanrikspolitisk usemje, mellom anna om EU og NATO.

SV meiner seg såleis å vere både raudare og grønare enn Arbeidarpartiet. Sjølv om partia no også samarbeider, er det visse motsetningar mellom dei i til dømes energi- og miljøpolitikken. SV fekk gjennom i regjeringserklæringa at det ikkje skal gjevast fleire konsesjonar til gasskraftverk utan CO2-handtering.