Grasstjerneblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grasstjerneblom


Stellaria graminea eF.jpeg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Caryophyllales
Familie: Caryophyllaceae
Art: S. graminea
Vitskapleg namn
Stellaria graminea
L., 1753

Grasstjerneblom (Stellaria graminea) er ei urt i nellikfamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia.

Ei grasgrøn plante, 2-3 dm høg, med jamn og slett stengel. Smale blad, breiast nedanfor midten, ofte med einskilde hår i kanten. Kronblad sjeldan lengre enn begerblada, men tokjønna blomstrar har lengre kronblad. Raudbrune frø, 1 mm lange. Blømer kring juni i grasbakkar, ved gjerder og i skogkantar. Vanleg over heile landet opp til skoggrensa. Kan danne hybridar med to andre stjerneblomartar.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid, norsk-svensk-finsk flora, Det Norske Samlaget, 1985.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Grasstjerneblom