Gravand
| Gravand | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Anseriformes | |
| Familie: | Anatidae | |
| Underfamilie: | Tadorninae | |
| Slekt: | Tadorna | |
| Art: | T. tadorna | |
| Vitskapleg namn | ||
| Tadorna tadorna | ||
Gravand er ein fugleart i andefamilien.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
Fuglen liknar ei gås med omsyn til kroppsform, storleik, rørsler og flukt. Kjønna liknar kvarandre, men hoa er ikkje like fargesterk som hannen. Fuglen er mykje kvit, med eit hasselbrunt parti på framsida. I paringstida har hannen ein raud knopp mellom augene: nebben er raud. Totallengda er 54-66 cm.
[endre] Utbreiing
Gravanda hekker langs kystane i store deler av Europa og i tempererte deler av Asia.
[endre] Hekking
Gravanda grev ein gang i ein jord- eller sandbanke. Den indre delen av gangen er vidast, og her forar fuglane botnen med gråkvitt dun. Hoa legg 7-15 heilt kvite egg i mai-juni. Ho rugar medan hannen står vakt i nærleiken, gjerne på ein høg plass. Når hoa går ut for å søke næring dekker ho egga med dun. Ho rugar i 30 døgn, og tidleg etter klekkinga tek dei seg ned til næraste vatn der dei vert vakta av begge foreldra. Dei kan flyge etter 45-50 døgn.
[endre] Føde
Fuglane sym og dukkar godt. Dei et smådyr i sjøen, frø, knoppar og spede planteskot.
[endre] Kjelder
- «Gravand» frå Wikipedia på svensk