Grensestraum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vestlege og austlege grensestraumar i dei to store virvlane i Stillehavet er markerte i denne figuren.

Grensestraumar er havstraumar der dynamikken vert styrt av ei kystlinje. Det finst to kategoriar: vestleg grensestraum og austleg grensestraum.

Austlege grensestraumar[endre | endre wikiteksten]

Austlege grensestraumar er relativt grunne, breie og langsame. Dei finn ein på austsida av verdshava (på vestkysten av kontinenta). Subtropiske austlege grensestraumar renn mot ekvator og transporterer kald vatn frå høgare breiddegrader til lågare breidder. Døme på slike straumar er Benguelastraumen, Kanaristraumen, Perustraumen og Californiastraumen. Oppvelling fører næringsrikt vatn opp frå djupna i slike område, og gjer dei til produktive havområde.

Vestlege grensestraumar[endre | endre wikiteksten]

Vestlege grensestraumar er varme, djupe, smale og raske og oppstår på vestsida av erdshava på grunn av vestleg forsterking. dei fører varmt vatn frå tropane mot polane. Døme på desse er Golfstraumen, Agulhas-straumen og Kuroshio.

Vestleg forsterking[endre | endre wikiteksten]

Vestleg forsterking er forsterkinga av den vestlege greina av ein havstraum, særleg i ein havvirvel. Passatvindane bles vestover i tropane, og vestavindsbeltet bles austover på midlare breidder. Dette vindmønsteret fører til eit stress på havoverflata i subtropiske strøk med ei negativ krumming på den nordlege halvkula og ei positiv på den sørlege halvkula. Resultatet er ein sverdruptransport mot ekvator i begge tilfelle. På grunn av bevaring av potensiell virvling, vert denne transporten balansert av ein smal, intens straum mot polane, som renn langs vestsida av havbassenga, og gjer at virvlinga som kystfriksjonen gjev kan balansere virvlinga som vinden påfører. Den vestlege forsterkinga skjer òg i polarvirvlane, der forteiknet for vindstresskrumminga og retninga til dei påfølgjande straumane er motsette. Det er på grunn av den vestlege forsterkinga at straumar på vestsida av havbasseng (som Golfstraumen, ein straum på vestsida av Atlanterhavet) er kraftigare enn austlege straumar (som Californiastraumen på austsida av Stillehavet). Vestleg forsterking vart først forklart av den amerikanske oseanografen Henry Stommel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]