Benguelastraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei raude områda syner store oppvellingsområde. Benguelastraumen går langs sørvestkysten av Afrika.

Benguelastraumen er ein brei havstraum som går nordover i den austlege delen av den søratlantiske virvelen. Straumen strekkjer seg nordover frå om lag Cape Point i sør til Angola-Benguela-fronten i nord, kring 16 °S. Straumen vert hovudsakleg driven av den rådande søraustpassaten. På kystsida av Benguelastraumen, fører dei søraustlege vindane til oppvelling. Det kalde, næringsrike vatnet som vellar opp frå omkring 200-300 meter djupne fører til stor vekst av planteplanton, og opprettheld det produktive økosystemet i Benguela.

Grenser[endre | endre wikiteksten]

Kjelda til vatnet i Benguelastraumer er subtropisk termoklint vatn frå både Det indiske havet og Sør-Atlanteren, salt, oksygenfattig tropisk atlanterhavsvatn nog kjøligare, ferskare djuphavsvatn. Benguelastraumen er 200-300 km brei og vert breiare lenger nord og nordvest. I vest er grensa mot havet dårleg definert med mange midlertidige og årstidsbaserte eddyar og buktingar. Det er derimot ein veldefinert termal front mellom vatna i oppvellingssystemet i Benguelastraumen og vatnet lenger søraust i Atlanteren.

Der den kalde Benguelastraumen møter den varme, søroverretta Agulhas-straumen, oppstår det eit rikt produktivt marint økosystem utanfor Kapp det gode håp, men ofte med storm og turbulens.

Oppvelling og primærproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Nordavind langs kysten fører til Ekmantransport til havs og oppvelling av næringsrikt djupvatn til eufotisk sone. Kor kraftig oppvellinga er, er avhengig av vindstyrken.[1][2] Variasjonar i vindstyrke skapar svingingar i oppvellinga, som forplantar seg sørover kysten med ein snøggleik på 5 til 8 m/s. Desse bølgjene liknar ei kelvinbølgje, bortsett frå at dei har ein skala på 30 til 60 km i staden for 1000 km, og kan forplante seg rundt kappet, avhengig av vindretninga.

Slike bølgjer skapar biologisk produksjon. I Benguelasystemet krev planteplankton periodar med oppvelling etterfølgd av ein periode med lagdeling og relativt stille vatn for å vekse. Planeplanktonet blømer vanlegvis ein til fire dagar etter ei oppvelling, og blømer så i 4 til 10 dgar. For at dyreplankton skal ha kontinuerleg matforsyning, kan ikkje bløminga til planteplanktonet skje for langt unna. Bølgjer i oppvellingsystemet i Benguela har vanlegvis ein periode på 10 dagar, ein optimal periode for biologisk produksjon. Det er estimert at årleg ny produksjon i Benguelasystemet er 4,7 × 10^13 gC/y, og gjer Benguelasystemet 30 til 65 gonger meir produktivt per areal enn det globale gjennomsnittet.[3]

Benguela Niño[endre | endre wikiteksten]

På linkande måte som El Niño i Stillehavet, kjem varmt, næringsfatting vatn i den nordlege delen av Benguelasystemet utanfor kysten av Namibia om lag ein gong per tiår.[4] Under Benguela Niño, vert warm, salt vatn frå Angolastraumen ført sørover, frå 15 °S til så langt som 25 °S. Dette varme saltvatnet strekkjer seg 150 km utover i havet og til ei djupne på 50 meter. Ein har då fått kraftig regn og mindre fisk, og det oppstår gjerne samstundes med El Niño. Årsaka og effektane av Benguela Niño forstår ein ikkje fullt ut enno.[4] Eit forskarteam har vist at Benguela Niño kan vere skapt av vindar i vest i ekvatorområdet av Atlanterhavet som forplantar seg slik at det varme vatnet når kysten av Afrikak.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nelson, G. (1992). «Equatorial wind and atmospheric pressure spectra as metrics for primary productivity in the Benguela system». S. Afr. J. Mar. Sci. 12: 19–28. 
  2. Jury, M.R., Brundrit, G.B. (1992). «Temporal organization of upwelling in the southern Benguela ecosystem by resonant coastal trapped waves in the ocean and atmosphere». S. Afr. J. Mar. Sci. 12: 219–224. 
  3. Waldron, H.N., Probyn, T.A. (1992). «Nitrate supply and potential new production in the Benguela system». S. Afr. J. Mar. Sci. 12: 29–39. 
  4. 4,0 4,1 Mann, K.H., Lazier, J.R.N. (2006) "Dynamics of Marine Ecosystems: Biological-Physical Interactions in the Oceans." Oxford: Blackwell Publishing Ltd. ISBN 1-45051-1118-6
  5. Florenchie, P., Lutjeharms, J.R.E., Reason, C.J.C., Masson, S., Rouault, M. (2003). The source of Benguela Niños in the South Atlantic Ocean. Geophysical Research Letters. 30:1505-1509. doi = 10.1029/2003GL017172

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]