Gro Hammerseng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gro Hammerseng

Gro Hammerseng (fødd 10. april 1980) er ein norsk handballspelar. Ho har vore kaptein på det norske landslaget og spelar for Larvik HK.

Hammerseng spela i Gjøvik og Vardal frå ho starta med handball da ho var 10 år, til ho sommaren 2003 signerte ei kontrakt med den danske klubben Ikast, der ho framleis speler. Ho debuterte på landslaget som 20-åring den 29. november 2000 mot Polen.

Gro Hammerseng er systera til Lars Hammerseng, som speler ishockey for Lillehammer Ishockeyklubb.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

A-landslag
  • 2000: 6. plass i EM
  • 2001: Sølv i VM
  • 2002: Sølv i EM
  • 2003: 6. plass i VM
  • 2004: Gull i EM
  • 2006: Gull i EM
  • 2007: Sølv i VM
  • 2008: Gull i OL
  • 2010: Gull i EM
U-landslag
  • 1997: Sølv i Junior-EM
  • 1998: 9. plass i U-EM
  • 1999: 7. plass i U-VM

Klubbmedaljar med FC Midtjylland Håndbold i Danmark[endre | endre wikiteksten]

Den Danske Eliteserien (DM)
  • Sølv: 2007/08
  • Bronse: 2003/04
Pokal Cup
  • Sølv: 2003, 2004

Klubbmedaljar med FC Midtjylland Håndbold i Europa[endre | endre wikiteksten]

Cup Winner Cup
  • Gull: 2004
EHF-Cupen
  • Sølv: 2007

Klubbmedaljar med Larvik HK i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Pokal Cup
  • Gull: 2010

Personlege utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2004: All-Star team plass: Beste playmaker og MVP (EM 2004)
  • 2005: All-Star team plass: Beste playmaker i den danske ligaen (2004/05)
  • 2006: All-Star team plass: Beste playmaker og MVP (EM 2006)
  • 2007: 'Snill Pike Statuetten’ 2007
  • 2007: Kåra til årets lagspelar og årets førebilete på Idrettsgallaen 2007
  • 2007: All-Star team plass: Beste Playmaker (VM 2007)
  • 2008: Kåra til beste spelar i verda av IHF i 2007
  • 2009: Kåra til årets 'Ikast Spiller' av Ikast fan club (2008/09)
  • 2010: All-Star team plass: Beste playmaker (EM 2010)
  • 2011: Kåra til årets lagspelar i 2010 på Idrettsgallaen 2011 (Ho tok òg imot prisen for åreats lag, handballjentene)
    Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.