Grumantbyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

78°10′40″N 15°06′45″E

To av dei forfalne husa som enno står i Grumant.

Grumantbyen (eller Grumant) er ein fraflytta sovjetrussisk busetnad på Svalbard. Byen vart forlaten i 196162. Staden ligg like sørvest for Longyearbyen og nordaust for Colebukta i Isfjorden. «Grumant» var eit pomorsk toponym som tidlegare var brukt om heile Svalbard, og som kan vere ei forvansking av «Grønland».

Busetnaden her vart etablert i 1919. Gruva vart nedlagd i 1919, og opna på nytt i 1931. Det sovjetiske selskapet Arktikugol dreiv gruvedrift i Grumantdalen, men la ned drifta på grunn av vanskelege hamnetilhøve og fallande produksjon. Utskipninga av kol måtte derfor skje frå Colesbukta som fungerte som hamn for Grumantbyen på den måten at kolet varti transportert dit på en 40 cm smalspora jernbane. I etterkrigstida var Grumantbyen ei tid den største tettstaden på Svalbard med opptil 1200 innbyggjarar. Mens det ikkje er aktuelt å gjenoppta drifta i Grumantbyen, har det frå russisk side vore på tale å starte drift i Colesbukta samt å byggje veg derfrå til Barentsburg.

Tidlegare vart det også drive kvalfangst på staden.

Over Grumantbyen ligg fjella Grønberget og Lindstrømfjellet.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

  • The Place-Names of Svalbard Skrifter nr 80 og 112 frå Norsk Polarinstitutt, 1942 og 1957 nyutgjeve 2001. ISBN 82-90307-82-9