Guangzhou
| 广州 (Guǎngzhōu) |
|
|---|---|
| Andre namn | Canton, Kanton |
| Perleelva i Guangzhou. | |
| Styresmakter | |
| Land Provins |
Folkerepublikken Kina Guangdong |
| Borgarmeister | Wan Qingliang |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
7434,40 km² |
| InnbyggjararEngelsk Wikipedia. - By (2009) - folketettleik |
10 334 500 1390,1/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | 11 m |
| Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
| Diverse anna | |
| Postnummer | 510000 |
| Telefon-retningsnummer | 20 |
| Bilnummer | A |
| Nettstad: gz.gov.cn | |
Guangzhou er ein av dei viktigaste av storbyane i Kina. Guangzhou er hovudstad i provinsen Guangdong ved kysten mot Sørkinahavet. Provinsen omfattar eigentleg og dei særskilte administrative regionane Hongkong og Macao.
Folketalet innanfor bygrensene var i 2004 omtrent 3 244 000, men heile storbyområdet har 6,66 millionar innbyggarar, noko som gjer det til det tredje folkerikaste i Kina. Den økonomiske veksten er kolossal i byen og i heile området på båe sider av munningen til Perleelva heilt ned til Hongkong og Macao. Kinas største eksportmesser finn stad i Guangzhou, éi om våren og éi om hausten.
Innhaldsliste |
Historie[endre]
Busettinga i området går tilbake til 800-talet fvt. Under Qin-dynastiet var Guangzhou hovudstad for prefekturet Nanhai ('Sørhavet'). Under Han-dynastiet var Guangzhou ei stund hovudstad i kongedømmet Nanyue. Lenge vart Guangzhou kalla utgangspunktet for «havets silkeveg». Byen hadde handelssamband med heile det sørasiatiske området, så langt vestover som til India og Arabia.
Mellom 1757 og 1842 var Guangzhou den einaste handelshavna der utlendingar kunne få kontraktfesta tilgang til å etablere handelshus. Mellom andre Sverige og Danmark-Noreg etablerte slike hus. Det første svenske handelsskipet «Friedericus Rex Sueciae» kom første gonge til Guangzhou allereie i 1732.
Kultur[endre]
Guangzhou var tidlegare kjend som «Kanton» i Vesten, og dette har gjeve opphav til fleire nemningar: Det kinesiske språket kantonesisk som blir tala i området og er morsmål for rundt halvparten av innbyggjarane i byen,[1] og kantonesisk mat, ein hovudretning innan kinesisk matlaging som byen lenge var hovudsete for.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen inneheld stoff frå «Guangzhou» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2011.
- Opphavleg omsett frå wikipedia på bokmål/riksmål, den 01.02.2007