Qin-dynastiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Qin-dynastiet si utstrekning om lag 210 f.Kr.
Qin Shihuangdi

Qin-dynastiet (kinesisk skrift 秦朝, pinyin Qín Cháo) var det fyrste dynastiet i det kinesiske keisarriket. Keisarriket voks fram or staten Qin, den vestlegaste av dei sju statane som gjennom krigarrika-tida stridde om herredømet over kinesarane. Qin-herskarane erobra alle dei rivaliserande rika, og i 221 f.Kr. var, for aller fyrste gong, alt land der det budde kinesarar samla under ei krone. Samlinga var sluttpunktet for ei utvikling som hadde tek til allereie fleire hundreår tidlegare.[1][2]

Etter rikssamlinga kalla qin-kongen Zheng seg for keisar, og er for ettertida kjend som Qin Shihuangdi. Den verkelege drivkrafta bak samlinga var likevel Li Si, kanslaren hans. Landområda som Qin-dynastiet rådde over var mykje vidare enn det tidlegare dynasti, til dømes Shang- eller Zhou-dynastiet hadde kunna kontrollere.

Dei få åra Qin-dynastiet varte, høyrer til mellom dei særleg avgjerande tidspunkt i kinesisk politisk historie.[3] Grunntrekka i kinesisk statsskikk for fleire hundreår framover vart innført av Qin-dynastiet. Desse baserte seg på den kinesiske filosofiske retninga legalismen og bestod av eit keisarleg byråkrati, legitimering av keisardømmet, systematisk innsamling av opplysningar om folk og land for skatteformål, bygging av ein mur til vern mot folka i det indre av Asia, samt bruk av einskaplege mål, skriftteikn og valuta i heile riket. Namnet Kina stammar frå ordet Qin.[4]

Etter at den fyrste keisaren døydde i 210 f.Kr. braut det ut uro i heile riket. Trass i den militære styrken til Qin førte den påfylgjande borgarkrigen til at dynastiet fall. I 207 f.Kr. fekk opprøraren Xiang Yu avretta den tredje qin-keisaren Ziying, kort etterpå vart Han-dynastiet grunnlagt av Liu Bang.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bodde, Derk: The state and empire of Ch'in, in: The Cambridge History of China, Band 1 The Ch'in and Han Empires, 221 B.C.-A.D.220, Cambridge 1986 (ISBN 9780521243278), S.69
  2. Helwig Schmidt-Glintzer: Geschichte Chinas bis zur mongolischen Eroberung 250 v. Chr. – 1279 n. Chr., München 1999, S.18
  3. Rankin, Mary B.; Fairbank, John K.; Feuerwerker, A., Perspectives on modern China's history, in: The Cambridge History of China, Band 13, Republican China 1912-1949 Part 2, Cambridge 1986 (ISBN 0521243386), S.49
  4. Helwig Schmidt-Glintzer: Geschichte Chinas bis zur mongolischen Eroberung 250 v. Chr. – 1279 n. Chr., München 1999, S.13 und S.97

Kjelder[endre | endre wikiteksten]