Fedralandet
Fedralandet, mest kjend under fyrstelina Gud, signe vårt dyre fedreland, er ein salme skriven av Elias Blix.
Elias Blix skreiv eit utkast til salmen i Lillehammer vinteren 1890, og han gjorde han ferdig på Fjellhaug i Aker sommaren etter. Han vart prenta same året i bladet Nordmannen.
Til vanlig vert det første og dei to siste versa sunge, ofte òg det andre eller tredje.
Vers to, fire og fem innheld ei stutt framstilling av Noregs kulturelle og religiøse soge.[1] Det sjette verset har ein referanse til salme 127,1 i Bibelen.[2] Det er sagt at under andre verdskrigen vart det siste verset ikkje sunge. Salmen har fått posisjon som Noregs nasjonalhymne.
Salmen kom inn i Landstads kirkesalmebog gjennom Blix-tillegget Nokre Salmar, der han fekk nr 770. Han står i Norsk salmebok på nr 739.
Melodireferansen til salmen var «Den signede Dag, som vi nu ser», ein melodi skriven av C. E. F. Weyse.
|
1. |
Gud signe vaart dyre Fedraland |
|
2. |
Vaart Heimland i Myrker lenge laag, |
|
3. |
Og Norig det ligg vel langt i Nord, |
|
4. |
So blømde vaart Land i Ljos og Fred, |
|
5. |
Og Morgonen rann, og Myrkret kvarv, |
|
6. |
Vil Gud ikkje vera Bygningsmann, |
|
7. |
No er det i Norig atter Dag Til Groren ein Gong er mogen! |
[endre] Referansar
[endre] Kjelder:
- Kristen sang og musikk Runa forlag 1962