Gulmaure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gulmaure


Galium verum01.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Gentianales
Familie: Rubiaceae
Slekt: Galium
Art: G. verum
Vitskapleg namn
Galium verum

Gulmaure er ei plante i maurefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta er kring 3 dm høg, stengelen er opprett og dunhåra med fire render. Blada er smale med innrulla kantar, og korthåra på undersida. Gulmaure har smal, tettblomstra topp og god lukt. Ho får ei snau, slett frukt. Planta blømer kring juli månad i turre grasbakkar. Ho finst over heile Noreg, men sjeldan lengst i nord. Gulmaure er funnen opp til 1080 m på Hardangervidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.