Gulsildre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Gulsildre | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Saxifragales | |
| Familie: | Saxifragaceae | |
| Slekt: | Saxifraga | |
| Art: | S. aizoides | |
| Vitskapleg namn | ||
| Saxifraga aizoides
L., 1753
|
||
Gulsildre(Saxifraga aizoides) er ein plante i sildrefamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta er kring 10 cm høg og har krypande skott og slakke fåblomstra stenglar. Blada er lysgrøne med kjertlar i kanten. Blomane har oftast 5 kronblad. Dei er bleikgule eller branngule, stundom purpurraude. Kronblada er litt lengre enn begerblada. Gulsildre blømer kring juli månad på våte, steinete og grusete stader. Planten finst i alle fjelltrakter i Noreg, og er funnen opp til 1700 m i Jotunheimen.
Kjelder[endre]
- Svensk wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.