Gunnar Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Berg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mai 1863
Svolvær
Død

23. desember 1893 (30 år)
Berlin

Yrke kunstmålar, fotograf
Gunnar Berg på Commons
«Trollfjordslaget»

Gunnar Berg (21. mai 186323. desember 1893) var ein norsk målar og kjent som ein av lofotmålarane.

Gunnar Berg vart fødd i Svolvær i Lofoten som væreigarson og voks opp der. Han var opphavleg etla for handelskarriere, og etter læretida i forretninga til familien drog han til Bergen for å begynna på handelsutdanninga i 1882. Her vart han oppfordra til å utnytte kunsttalentet sitt, og i 1883–1885 studerte han målarkunst i Düsseldorf. Etter studia reiste han heim til Lofoten, der han med hjelp frå foreldra bygde seg eit atelier på Svinøya i Svolvær. Atelieret er modernisert og bevart.

Gunnar Berg pendla mellom Tyskland og Lofoten. Om somrane i Lofoten hadde han eit eige lag med tilreisande. Han både selde kunsten og gav gjestene ei oppleving av staden, landsdelen og kunsten.

I 1893 fekk han kreft og laut amputere det eine beinet. Likevel reiste han til Berlin, der han døydde den 23. desember same året. Gunnar Berg vart gravlagt i gravkapellet til familien på Gunnarholmen i Svolvær. Der vart reist ei byste av han i 1994.

Gunnar Berg blir i dag rekna som ein av dei største målarane frå Nord-Noreg og som ein av dei viktigaste i Noreg innanfor sin genre. Blant dei viktigaste måleria hans er «Fra Svolvær hamn» og «Trollfjordslaget»; — det siste viser ei faktisk hending frå Lofotfisket i 1890.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Jens Andvig, «Lofotfisket og Gunnar Berg og Kaare Espolin Johnson». I: Skolp : årsskrift for Vågan historielag, 1984
  • Gerd Røsand Bremnes, «Maleren Gunnar Berg - et hundreårs minne ». I: Årbok for Vågan, 1993
  • Holst, Erling. «Gunnar Berg, Lofotens maler». I: Kunst og kultur, 1963
  • Per Posti, Trollfjordslaget, myter og virkelighet. Svolvær: Montanus forlag, 2001 (1. utg: Tromsø, 1991)
  • Per Posti, «Lofoten i billedkunsten fram til 1920-årene». I: Ottar, nr 3, 2000
  • Per Posti, Gunnar Berg 1863-1893, minneutstilling 1993. Tromsø Kunstforening, 1993 (Utstillingskatalog)

Nettstader[endre | endre wikiteksten]