Høgskolen i Nesna
Høgskolen i Nesna (HiNesna) har i dag vel 1200 studentar og 130 tilsette. Høgskolen er ein av 25 statlege høgskolar i Noreg. Høgskolen vart etablert som følgje av at lærarhøgskolen i Nesna vart omorganisert som ein del av Høgskolereforma i 1994. Frå 1918 og fram til 1994 var høgskolen kjend som Nesna lærerhøgskole.
Om høgskolen [endre]
Høgskolen i Nesna er Nord-Noregs nest eldste institusjon for høgare utdanning. I tillegg til hovudcampus på Nesna, har HiNe studielokalitetar i Mo i Rana, i Sandnessjøen, i Brønnøysund og Mosjøen, og tilbyr studie i Narvik. Høgskolen er involvert både i ordinære forsknings- og utviklingsprosjekter og i prosjekt innanfor næringsretta høgskolesatsing.
Høgskolens online skriftserie er «Fredrikke», oppkalla etter kvinnesaksforkjemparen Fredrikke Tønder-Olsen.
Høgskolen gjev tilbod om fag- og profesjonsstudie innan informatikk, naturfag, idrett, musikk, drama, lærarutdanning og sjukepleiarutdanning. Desse kan tas i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgradar, mastergradar og somme doktorgradstudie, samt ei rad kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Høgskolen er delt i fleire fagseksjonar:
- Drama
- Engelsk
- Heimkunnskap
- Idrett
- Informatikk
- RLE
- Kunst og handverk
- Matematikk
- Musikk
- Naturfag
- Norsk
- Pedagogikk
- Samfunnsfag
- Sykepleiarutdanning