Høgskolen i Nord-Trøndelag
| Høgskolen i Nord-Trøndelag | |
| Grunnlagt | 1994 |
|---|---|
| Type | Statleg høgskole |
| Rektor | Knut Arne Hovdal |
| Stad | Steinkjer, Levanger, Namsos, Stjørdal |
| Studentar | 4 600 (2006) |
| Tilsette | 390 (2006) |
| Nettstad | www.hint.no |
Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) vart etablert 1. august 1994 og hadde i 2006 vel 4 600 studentar og 390 tilsette. Høgskolen er ein av 22 statlege høgskolar i Noreg og er eit resultat av at fire statlege høgskolar i Steinkjer, Levanger, Namsos og Stjørdal vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994.
Høgskolen i Nord-Trøndelag har til mål å vere Noregs leiande miljø innan praksisnær kompetanseutvikling for framtida. Kjerneverdiane til skulen er nærleik, openheit og sjølvstende.
Høgskolen tilbyr vel 100 fag- og profesjonsstudium innan skole, oppvekst, kultur, helse, næring og forvalting. Desse kan takast i varierande lengde frå halvårseiningar til bachelorgradar, mastergradar og einskilte doktorgradstudiar, samt ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Etter ei omorganisering i 2007, har Høgskolen fem avdelingar som følgjer:
- Avdeling for helsefag (Namsos og Levanger)
- Avdeling for økonomi og leiing (Levanger og Steinkjer) Levanger
- Avdeling for landbruk og IT (Steinkjer)
- Avdeling for lærarutdanning ()
- Avdeling for trafikklærarutdanning (Stjørdal)
Høgskolen tilbyr internasjonalisering av studia, både ved å gje høve til å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram å utdanne seg i utlandet etter enda studium.
Leiing [endre]
|
|