Høgskolen i Oslo og Akershus
Høgskolen i Oslo og Akershus er namnet på den nye høgskolen som vart oppretta 1. august 2011 etter at styra ved Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus på Kjeller vedtok den 9. desember 2010 å slå dei to institusjonane saman. Opprettinga av høgskolen vart vedtatt i statsråd 21. januar 2011. Den nye høgskolen er den største i Noreg med 16000 studentar og 1600 tilsette. Høgskolen arbeider for å bli universitet med fokus på profesjonsstudiar.
Innhaldsliste |
[endre] Lokalisering
HiOA har to studiestader: Studiestad Pilestredet (Frydenlund, Pilestredet park og Holbergs plass) og studiestad Kjeller. I tillegg har høgskolen undervisningsstader i Sandvika og Sandefjord.
[endre] Studietilbod
Dei fleste av høgskolens studietilbod er profesjonsutdanningar. Høgskolen har halvårs- og årsstudiar, over 50 bachelorstudiar, 25 masterstudiar og ei rekke etter- og vidareutdanningstilbod. I tillegg har HiOA tre doktorgradsprogram og eit førstelektorprogram. [1]
[endre] Organisering
Høgskolen har 4 fakultet med i alt 21 institutt.
- Fakultet for helsefag
- Institutt for atferdsvitskap
- Institutt for ergoterapi og ortopediingeniørfag
- Institutt for farmasi og bioingeniørfag
- Institutt for fysioterapi
- Institutt for helse, ernæring og leiing
- Institutt for radiografi og tannteknikk
- Institutt for sjukepleie
- Fakultet for lærarutdanning
- Institutt for førskolelærarutdanning
- Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning
- Institutt for internasjonale studiar og tolkeutdanning
- Institutt for yrkesfaglærarutdanning
- Fakultet for samfunnsfag
- Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag
- Institutt for journalistikk og mediefag
- Institutt for offentleg administrasjon og velferdsfag
- Institutt for sosialfag
- Institutt for økonomi og administrasjon
- Fakultet for teknologi, kunst og design
- Institutt for bygg- og energiteknikk
- Institutt for estetiske fag
- Institutt for industriell utvikling
- Institutt for informasjonsteknologi
- Institutt for produktdesign
I tillegg har høgskolen et Senter for profesjonsstudier.
[endre] Sjå òg
- Høgskolen i Akershus si gamle heimeside
- Høgskolen i Oslo si gamle heimeside
- Høgskolen i Oslo og Akershus si heimeside