Noregs Høgsterett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Inngangen til Høgsterett.

Noregs Høgsterett er øvste domstolen i det norske rettssystemet, og har heile Noreg som sitt verkeområde.

Høgsterett held til i Høgsteretts hus (den gamle Justisbygningen) i Oslo. Ein høgsterettsjustitiarius leier domstolen, som i tillegg har hatt 18 høgsterettsdommarar. I 2010 har talet blitt auka til 19, grunngjeve med stor arbeidsbyrde. I kvar enkelt sak blir retten sett med fem dommarar. Viktige saker blir behandla i storkammer, medan særs viktige saker kan behandlast i plenum der alle dommarar som ikkje har tenestefri eller er inhabile tek del.

Høgsterett blei oppretta 1815 etter heimel i Grunnloven sin § 88, som seier at «Høiesteret dømmer i sidste Instans». Noverande høgsterettsjustitiarius er Tore Schei.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Høgsterettsjustitiarius[endre | endre wikiteksten]

  • Tore Schei, f. 1946 i Oslo, tiltredd 1. august 2002 (tiltredde som dommar 1. mars 1986)

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]