Høvestalsval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Høvestalsval er ei valordning der dei ulike vallistene får inn representantar i høve til kor stor oppslutning dei har fått blant dei som har stemt. Vallistene vil i dei fleste politiske val representere parti.

Høvestalsval blir brukt i dei fleste direkte og indirekte val til politiske verv i Noreg. Val til Stortinget, fylkesting og kommunestyre blir avgjorde ved høvestalsval. For dei fleste indirekte politiske val, som for eksempel val for samansetjing av formannskap og kommunale utval, eller fordeling av representantar på Stortingskomitéar kan det krevjast at valet blir halde som høvestalsval. Dette sikrar mindretal representasjon i høve til mandata i kommunestyret eller stortinget. I praksis forhandlar partia om fordelinga, og ofte blir det fremma berre eitt samla forslag, som deretter blir stemt over samla.

Val av ordførar, utvalsleiarar, stortingspresident eller komitéleiarar må skje om fleirtalsval - fordi det er ein person som skal veljast. Dette hindrar ikkje at partia også her forhandlar, og blir samde om ei høvesvis fordeling av leiarverva. Men viss eit fleirtal av eit eller fleire parti vil bruke makta si, så er det vanlegvis ikkje noko formelt til hinder for at dette fleirtalet tar dei fleste, dei viktigaste, eller alle leiarverva.

Motsetnaden til høvestalsval er mellom anna fleirtalsval i einpersonskrinsar, som i det engelske parlamentsvalsystemet.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.