Hage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein hage er eit avgrensa område der det vert dyrka pryd- og nyttevekstar.

Rosehagen ved Baroniet Rosendal. Foto: Kjetil Lenes.

Ordet har same rot som hegn, slik tydde hage opphavleg eit innhegna område. I moderne tyding er ordet bruka sidan 1600-talet, og har i somme samanhengar fortrengt ordet gard. Spesialiserte hagar er til dømes grønsakshagar, urtehagar og eplehagar, medan barnehagen berre har hegnet til felles med den tradisjonelle hagen.

Hagar og parkar utgjer ein spesiell type kulturminne ved at dei på den eine sida er menneskeskapte anlegg, på den andre sida kultivert natur. Hagane har gjennom tidene vore til nytte ved at dei har vore ein stad for produksjon av nyttevekstar, dei har gitt plass for leik og kvile, og dei har gjeve eigarane status overfor lokalmiljø og gjester frå verda utanfor.

Historiske hagar[endre | endre wikiteksten]

«Edens hage» med rennande vatn, fire verdshjørne og tre med frukter har i periodar vore eit ideal i europeisk hagekunst. Babylons hengande hagar var eit av verdas sju klassiske underverk.

Norsk hagehistorie[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har enkle, inngjerda hagar for nytte og pryd eksistert frå førhistorisk tid. Med røter i mellomalderens krossdelte klosterhagar vart ein folkeleg utgåve av den geometrisk inndelte renessansehagen utbreidd over heile landet. Den meir storslegne barokkhagen vart mindre utbreidd i Noreg.

Den engelske landskapshagen braut med dei rette linene og den formklypte vegetasjonen i hagane frå renessansen og barokken. Norsk natur låg godt til rette for denne frie stilen, og over mesteparten av landet kom det små landskapsparkar med treklynger og store grasflater, oppdemte bekkeløp, spaserstiar og paviljongar. I 1800-talshagen dominerte også landskapsstilen, men då helst i mindre utgåve. Men element som grusstiar, frittliggande blomsterbed med sommarblomstrar, lysthus og kjøkkenhage høyrde med.

Nyformalismen braut med landskapsstilen, og tok opp element frå renessansen og barokken: eit rettvinkla grunnplan, mjukna opp med hardføre staudar, roser og blomstrande buskar. Hagane vart inndelte i mange rom ved hjelp av gjerde eller klipte hekkar.

Funksjonalismens hagar vart innretta for aktiv bruk med ubrotne plenflatar for leik og samvære, utan arbeidskrevjande blomsterbed overalt. Staudebed vart lagt i kanten av plenen eller langs hellelagte gangstiar som berre gjekk der det var høgst naudsynt. Hagen vart ramma inn med buskplantingar. Hagen skulle vere lettstelt, tanken om historiske ideal var forkasta. For mange var «naturtomta» med eit tilsynelatande urørt landskap den beste hagen.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hage

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]