Kingston upon Hull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kingston upon Hull
City of Kingston upon Hull

Queen's Gardens, Maritime Museum og City Hall (bakom) i sentrum av Kingston upon Hull
Queen's Gardens, Maritime Museum og City Hall (bakom) i sentrum av Kingston upon Hull
Queen's Gardens, Maritime Museum og City Hall (bakom) i sentrum av Kingston upon Hull
Plassering
Kingston upon Hull is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap East Riding of Yorkshire
Distrikt Sameint styresmakt
Grunnlagd 1100-talet
Geografi
Flatevidd
 - By

71,45 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik
 - Byområde

258 700
  3 620,7 /km²
573 300
Koordinatar 53°45′″N 0°20′″WKoordinatar: 53°45′″N 0°20′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer HU
Telefon-retningsnummer 01482
Nettstad: www.hullcc.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Kingston upon Hull

Hull eller Kingston upon Hull er ein engelsk by som ligg på nordsida av munningen til elvane Humber og Hull, og lenge har vore ein hamneby til Nordsjøen. Hull er ei sameint styresmakt i East Riding of Yorkshire. Folketal i 2008 var tett opp under 260 000 innbyggjarar.

Hull har eit eige universitet og er òg heimen til delar av universitetet i Lincoln. Han har òg fleire museum, som Wilberforce House, eit skipsfartsmuseum og eit gateliv- og transportmuseum.

Humberbrua.

Til forskjell frå dei fleste engelske busettingar med nemninga by (city) har Hull inga domkyrkje. I staden har Hull ei kyrkje til den heilage treeininga som skal vera den største soknekyrkja i England.

Humberbrua i Hull er den tredje lengste hengebrua i verda med eitt spenn.

Byen er den einaste i Storbritannia som har sitt eige telefonselskap. Kingston Communications vart grunnlagt i 1910-åra som eit offentleg selskap. Det er no privatisert, men er enno det einaste teleselskap i landet som berre tilbyr tenestene sine i éit enkelt område. Telefonkioskane i Hull er kremfarga, medan dei i resten av landet er raude.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den eldste busetjinga som er kjent på staden heitte Wyke eller Wyke upon Hull. Han vart truleg oppretta frå cisterciensarklosteret Meau nokre kilometer oppover langs elva Hull for å ha ein stad å skipe ut klostret sine ullprodukt frå. Edvard I av England såg at det var strategisk viktig å kontrollere ei hamn i området, som ikkje er langt frå grensa til Skottland. Han grunnla difor ein planlagd by over den gamle landsbyen, og denne fekk namnet King's Town upon Hull, som etterkvart vart samantrekt til Kingston upon Hull. Det kongelege chartret vart utskrive 1. april 1299, og er verna i arkivet i laugshallen.

I 1440 fekk Hull status som city. Byen vart samstundes utskilt frå Yorkshire, og fekk status som eit eige grevskap med kontroll over omegnen, som vart kalla Hullshire. I seinmellomalderen var byen ei viktig hamn, der det vart drive handel med blant anna Nord-Tyskland og dei baltiske landa.

I 1642 erklærte guvernøren for Hull, sir John Hotham, at han støtta parlamentarianarane, og han nekta kong Karl I tilgjenge til byen og dei store arsenala her. Hotham vart erklært som forrædar, men vart benåda av parlamentarianarane. Ironisk nok vart han seinare avretta av parlamentarianarane då han freista å skifte side. Desse hendingane var eit forspel til den engelske borgarkrigen, sidan Karl I ikkje såg anna høve enn å kringsetje byen. Dette utløyste open konflikt mellom parlamentarianarane og rojalistane

Hull tente godt på hamna langt inn på 1900-talet, men mista seinare mykje av inntektene. Først forsvann kvalfangsten, og deretter stoppa djuphavsfisket etter torskekrigen med Island 1975–1976. Hamna blir framleis brukt til transport av eksport- og importvarer og til ferjetrafikk til Rotterdam og Zeebrugge.

FV «Gaul», trålaren som sokk utanfor Noreg under uklare omstende i 1974, var frå Hull. Dette var det største enkelttapet av menneskeliv den engelske fiskeflåten har hatt i fredstid.

Frå 1974 til 1996 var Hull ikkje lenger eit sjølvstendig grevskapsdistrikt, men vart styrt som ein del av East Riding. I 1996 vart East Riding delt i to sameinte styresmakter, Hull og East Riding of Yorkshire, og grevskapet gjekk over til å vere eit seremoniell eining.

I 2017 var Hull utnemnd til britisk kulturby med mange tilknytte tilstellingar. Mellom anna blei Turnerprisen halden her.[1]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Diktaren Philip Larkin budde i Hull i 30 år, og skreiv mange av dei seinare dikta sine i byen.

Hull School of Art, som blei skipa i 1861, er omtykt som ein spesialisert kreativ utdanningsinstitusjon både nasjonalt og internasjonalt.[2] I byen finn ein også Northern Academy of Performing Arts og Northern Theatre School.[3]

The Deep er eit stort akvarium som ligg ved Sammy's Point, der elva Hull renn ut i Humber. Det opna i mars 2002.

Den viktigaste fotballklubben til byen er Hull City AFC. Det er òg to rugbylag, Hull FC og Hull Kingston Rovers.

Utelivet i byen har lansert slagordet «it's never dull in Hull» («Det er aldri kjedeleg i Hull»).

Kjende folk frå Hull[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1980-talet hadde Hull eit livleg musikkliv, og produserte grupper som The Red Guitars, Jane's Plane, Bushfire, the Housemartins, og Everything But the Girl, som er kalla opp etter ein møbelbutikk i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Turner Prize a 'honeypot' for Hull». BBC News (BBC). 28. mai 2015. Henta 6. januar 2016. 
  2. «Welcome to the Hull School of Art & Design». Hull School of Art and Design. Arkivert frå originalen 3. september 2010. Henta 14. januar 2010. 
  3. «Northern Theatre School». Arkivert frå originalen 19. januar 2012. Henta 15. januar 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kingston upon Hull
Reiseguide for Kingston upon Hull frå Wikivoyage