Gammalengelsk
| Gammalengelsk angelsaksisk (Ænglisc, Anglisc, Englisc) |
||
| Klassifisering: | Indo-europeisk Germansk Vestgermansk Gammalsaksisk (gammalnedertysk) Gammalengelsk |
|
| Bruk | ||
| Var tala i: | England, Skottland, Wales | |
| Skriftsystem: | den angelsaksiske futharken, det latinske alfabetet | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2: | ang | |
| Wikipedia på gammalengelsk | ||
Gammalengelsk eller angelsaksisk er ei tidleg form av engelsk som blei brukt av angelsaksarar i tida før 1100. Det er et vest-germansk språk med opphav i fleire nærskylde dialektar, hovudsakleg språka som blei brukt av saksarane og anglarane i Nord-Tyskland og Sør-Jylland. Gammalengelsk ligg mellom anna nært opptil gammalsaksisk, og er nært i slekt med nedertysk og frisisk. Det har også mange likskapar med norrønt språk (og til ein viss grad moderne islandsk).
Morfologisk skil gammalengelsk seg mykje frå moderne engelsk. Det har fem kasus, nominativ, dativ, akkusativ, genitiv og instrumentalis, og tre kjønn, hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn. Ordforrådet var hovudsakleg av germansk opphav. Gammalengelsk tok opp i seg få element av keltiske språk, men blei sterkt påverka av skrift- og kyrkjespråket latin. Seinare blei også språket påverka av danske og norske innvandrarar i område som Danelagen i Nord-England.
Gammalengelsk utvikla seg jamnt i løpet av dei rundt 700 åra det var i bruk, frå rundt 450 til etter normannarinvasjonen i 1066. Språket i den påfølgjande perioden, fram til moderne engelsk, kallar me mellomengelsk.
Innhaldsliste |
Skriftspråk [endre]
Gammelengelsk blei først skrive med den angelsaksiske futharken, eit runealfabet. Ved 800-talet hadde ein i stor grad teke i bruk det latinske alfabetet, med runeteikna thorn og wynn som tilleggsbokstavar. Runer var blitt særs sjeldne då normannarane invaderte England i 1066, og forsvann ut av bruk kort tid etter.
Tekstdøme [endre]
Gammalengelsk tekststykke om Ottar frå Hålogaland frå rundt 890: 
- Ōhthere sǣde his hlāforde, Ӕlfrede cyninge, þӕt he ealra Norðmanna norðmest būde. Hē cwӕð þӕt hē būde on þǣm lande norðeweardum wið þā West sǣ. Hē sǣde ðēah þӕt þӕt land sīe swiðe lang norð þanon; ac hit is eall wēste, būton on fēawum stōwum styccemǣlum wīciað Finnas, on huntaðe on wintra, ond on sumera on fiscoðe be þǣre sǣ.[1]
- Ottar sa til herren sin, kong Alfred, at han budde lengst nord av alle nordmennene. Han kvad at han budde i landet mot nord, ved Vesthavet. Han sa do at landet låg svært langt nord derifrå, og at alt var audeland, men på nokre få stader innimellom levde finnar, på jakt på vintrane, og på sumrane på fiske ved havet.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Gammalengelsk» frå Wikipedia på bokmål, den 16. april 2012.
Fotnotar [endre]
- ↑ Teke frå Ohthere's First Voyage (paragraph 1) ved University of Victoria, som også har ei omsetjing til engelsk.