Halten fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Halten fyrstasjon
Haltenfyr.jpg
Fylke Sør-Trøndelag
Kommune Frøya
Funksjon Kystfyr
Oppretta 1875
Koordinatar 64°10.3687′N 9°24.3563′EKoordinatar: 64°10.3687′N 9°24.3563′E
Fyrtårn
Høgd 29,5 m
Form Kvitt tårn med to svart belte
Fyrlys
Lyskarakter Rundtlysande med blink kvart 4. sekund
Lysstyrke 1 080 000 cd
Lyshøgd 39,0 moh
Lysvidde 17,5 nm
Status
Eigar Staten
Vernestatus Freda etter lov om kulturminne

Halten fyrstasjon er eit fyr som ligg på Store Reinsøy i det avfolka fiskeværet Halten i Frøya kommune i Sør-Trøndelag fylke.

Halten fyrstasjon is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Halten fyrstasjon

Fyrstasjonen vart oppretta på Halten i 1875 og er ein del av fyrkjeda i øyrekka utanfor Frøya, med Sula fyr i sør, så Vingleia fyr, Finnvær fyr og Halten fyr lengst nord.

Stasjonen består av eit 29,5 meter høgt steintårn som vart flytt frå Lista fyrstasjon, der det opphavleg var eitt av tre fyrtårn der bygd i 1853. Det var opphavleg planlagt at Halten fyr skulle vere eit tvillingfyr, men dette vart det ikkje noko av sidan den fyrtekniske utviklinga gjorde dette unødvendig.

Lykta har ein lysstyrke på 1 080 000 candela og ei lysvidde på 17,5 nautiske mil.

Mykje av originalt interiør og eksteriør er bevart på fyret.

Fyret er freda etter lov om kulturminne.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Meteorologisk institutt har hatt ein vêrstasjon på Halten fyr sidan september 1983. Stasjonen ligg 16 meter over havet og har synopnummer 01240.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 1,7 1,6 2,5 4,2 7,5 10,2 12,0 12,7 10,4 7,8 4,3 2,6 6,5
Nedbør (mm) 79 65 60 52 39 45 58 71 97 102 87 90 845

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]