Lista fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lista fyrstasjon
Lista fyr i solnedgang. Foto:Rolf Steinar Bergli
Lista fyr i solnedgang. Foto:Rolf Steinar Bergli
Fylke Vest-Agder
Kommune Farsund
Funksjon Kystfyr
Oppretta 1836
Koordinatar 58°06.5569′N 6°34.0153′EKoordinatar: 58°06.5569′N 6°34.0153′E
Fyrtårn
Høgd 34,0 m
Form Fyrbygning med tårn
Byggjemateriale Hogd granitt
Fyrlys
Lyskarakter Lysglimt vart 4. sek.
Lyshøgd 39,5 moh
Status
Eigar Staten
Automatisert 2003
Avfolka 2003
Vernestatus Freda etter lov om kulturminne

Lista fyrstasjon er eit fyr som ligg på Ytre Listalandet i Farsund kommune i Vest-Agder. Fyret bestod tidlegare av tre fyrtårn, men i dag står berre eitt att. Det første fyret vart tent i 1836.

Lista fyrstasjon is located in Vest-Agder
Plasseringa til Lista fyrstasjon

Fyrtårnet er bygd i hogd granitt og er frå 1833 og er 34 meter høgt. Det hurtigblinkande linseapparatet er framleis i drift. Frå 1853 til 1874 stod det tre fyrtårn av denne typen på stasjonen. Dette var fordi det var nødvendig for å skilje Lista frå andre fyr. Stasjonen omfattar maskinhus, bustader med tilhøyrande uthusfunksjonar, uthus, tuft etter smie, veg til landing, samt naust. Fyrstasjonen har ein vêrstasjon og kystmeldingsteneste i tillegg til fyrdrifta. Området er avsett til landbruks-, natur-, og friluftsformål i kommuneplanen for Farsund.

Fyrstasjonen er et karakteristisk landemerke i det flate, særeigne og rike kulturlandskapet på Lista. Fyrtårnet er det einaste høge steintårnet i regionen og sjeldan i norsk fyrhistorisk samanheng. Fyrmeisterbustaden med uthus er av dei få bygningane ved fyrstasjonane her i landet frå byrjinga av 1800-talet, og har derfor høg aldersverdi. Linseapparatet har fyrteknisk verdi.

Lista fyrstasjon har miljøskapande verdi slik det ligg samla og avgrensa av steingjerde i det opne landskapet. Fyrstasjonen er viktig langs Listakysten, som er den største skipskyrkjegarden i landet. Eitt av dei tre tårna vart flytta og gjenreist som Halten fyr i Sør-Trøndelag.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrstasjonen på Lista fyr har vore i drift sidan juli 1919 og har synopnummer 1427. Stasjonen ligg 14 meter over havet.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 1,0 0,5 2,2 4,9 9,2 12,4 13,9 14,6 12,2 9,4 5,5 2,7 7,4
Nedbør (mm) 94 61 74 58 72 67 78 107 134 151 150 101 1147

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lista fyrstasjon