Halvmaraton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deltakarar i Bristol Halvmaraton
Løparar i Chicago Halvmaton

Halvmaraton er eit løp på 21.097,5 meter, eller altså halvparten av eit maratonløp. Det blir vanlegvis arrangert som eit landevegsløp. Før 1970-talet var halvmaratonløp sjeldne, men det blir no arrangert mange slike løp, både som halvmaratonklasse samtidig med eit maratonløp, og som eigne halvmaratonløp.

Det har vore ein auke i deltakinga i halvmaratonløp i dei siste åra.[1] Ein vesentleg grunn til dette, er at halvmaraton er ei utfordrande distanse, men krev ikkje det same treningsgrunnlaget som maraton.[1]

Verdsrekord[endre | endre wikiteksten]

Verdsrekorden for menn er 58:33, sett av Samuel Wanjiru, Kenya, 17. mars 2007, i den Haag, Nederland.

Verdsrekorden for kvinner er 1:06:25, sett av Lornah Kiplagat Nederland, 14. oktober 2007 i Udine, Italia.

Største tal deltakarar i halvmaratonløp[endre | endre wikiteksten]

Det største halvmaratonløp i verda no skal vere Great North Run, halde på hausten kvart år i Newcastle Upon Tyne, England[2][3], med venta 52,000 løparar i 2009.

Nesten like stort er Göteborgsvarvet som går i Göteborg i midten av mai kvart år. I 2009 hadde dei 30-årsjubileum, med 53.593 påmelde, 41.019 startande og 40.523 fullførande. Dette var fleire påmelde enn Great North Run hadde i 2008, og Göteborgsvarvet har som mål å bli størst i verda.

Det største nokon gong var Broloppet mellom København og Malmö med 79 719 fullførande, halde i samband med at Øresundbrua vart opna i 2000[4][5][6].

Norske halvmaratonløp[endre | endre wikiteksten]

Kondis.no har oversikt over alle norske halvmaratonløp - søk på terminlister og løp

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]