Halvor Olaus Christensen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvor Olaus Christensen (18. februar 1800–10. juni 1891) var ein norsk embetsmann og politikar.[1] Han var byfogd, byskrivar og politimeister i Stavanger i ei årrekkje, og representerte byen på Stortinget.[2]
Christensen var på alle storting mellom 1833 og 1873, bortsett frå sesjonane i 1851, 1857 og 1869. Han var lagtingspresident i 1845, 1854 og 1862-69 og stortingspresident i 1848. Han var medlem i fleire av stortingets viktigaste komitear, og var ofte komiteleiar i desse. Han arbeidde mykje med ulike politiske reformer, som til dømes innføring av årvisst storting og oppheving av statthaldarposten. I spørsmåla kring unionen gjekk han inn for full jamstelling mellom Noreg og Sverige.
[endre] Kjelde
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
[endre] Fotnotar
[endre] Bibliografi
- Denne artikkelen baserer seg heilt eller delvis på det danske Salmonsens konversationsleksikon 2. utgåve (1915–1930).
- PolSys (2009), Halvor Olaus Christensen, Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste, http://www.nsd.uib.no/polsys/index.cfm?urlname=storting&lan=&MenuItem=N1_1&ChildItem=&State=collapse&UttakNr=33&person=10537
Kategoriar:
- Fødde i 1800
- Døde i 1891
- Norske politikarar
- Folk frå Stavanger
- Stortingsrepresentantar 1833-1835
- Stortingsrepresentantar 1836-1838
- Stortingsrepresentantar 1839-1841
- Stortingsrepresentantar 1842-1844
- Stortingsrepresentantar 1845-1847
- Stortingsrepresentantar 1848-1850
- Stortingsrepresentantar 1854-1856
- Stortingsrepresentantar 1859-1861
- Stortingsrepresentantar 1862-1864
- Stortingsrepresentantar 1865-1867
- Stortingsrepresentantar 1868-1870
- Norske futar
- Norske politimeistrar