Christian Christensen Kollerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Christensen Kollerud på eit måleri av P. Meidell. Tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum

Christian Christensen Kollerud (6. august 176728. mars 1833) var ein gardbrukar og eidsvollsmann frå Høland i Akershus

Kollerud var son av ein gardbrukar i Setskog i Høland. Han gjekk realskule i Fredrikstad. Overtok farsgarden i unge år, og eigde også ein heil del skog og gardsbruk. Dreiv også sagbruk. I 1800 slo han seg ned på ein av gardane sine, Kollerud i Høland. Han var medlem av forlikskommisjonen i bygda i mange år.

I 1814 var Kollerud utsending til riksforsamlingaEidsvoll frå Akershus amt. Kollerud var lite aktiv i forhandlingane, det er uklart om han høyrde til sjølvstendepartiet eller unionspartiet. Han skal ha støtta kravet om oppheving av sagbruksprivilegiane.

Han var far til Halvor Olaus Christensen, og bestefar til Thorvald Christensen. Han døydde på Kollerud i 1833.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]