Hanne Ørstavik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanne Ørstavik

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. november 1969 (54 år)
Tana kommune
Yrke skribent, terapeut
Sjanger roman
Ektefelle Luigi Spagnol
Debut Hakk (1994)
Hanne Ørstavik på Commons

Hanne Ørstavik (fødd 28. november 1969)[1] er ein norsk forfattar og omsetjar.

Ørstavik var fødd i Tana og voks opp i Finnmark.[2] Ho flytta til Oslo 16 år gamal og er utdanna cand.mag. frå Universitetet i Oslo med faga psykologi, fransk og sosiologi. Ho har òg to grunnfag frå Statens lærerhøgskole i forming og forfattarstudiet i Bø.[3][4]

Ørstavik debuterte med romanen Hakk (1994) og fylgde opp med Entropi (1995). Det som karakteriserer desse bøkene er ein minimalistisk stil der det vert nytta korte, skildrande setningar. Det vert fokusert på observasjonar og konkrete registreringar.

Romanane skrivne mot slutten av 1990-talet syner utviklinga i forfattarskapen. Kjærlighet (1997), Like sant som jeg er virkelig (1999) og Tiden det tar (2000) vert tematisk rekna som ein trilogi. Trilogien skildrar nære familietilhøve, der foreldra sviktar. Ho fortel overtydande historier og skildrar personar som har vanskeleg for å finne eit høveleg språk. Personane vert ofte stengd ute frå kommunikasjon eller stengd inne i seg sjølv. På det viset gjennomfører Ørstavik sitt språkkritiske prosjekt.

Hanne Ørstavik har også stått for omsetjingar og gjendiktingar av mellom anna Leslie Kaplan, Mirja Unge og Marguerite Duras.[2]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Hakk (roman, 1994)
  • Entropi (roman, 1995)
  • Kjærlighet (roman, 1997)
  • Like sant som jeg er virkelig (roman, 1997)
  • Tiden det tar (roman, 2000)
  • Uke 43 (roman, 2002)
  • Presten (roman, 2004)
  • Kallet (roman, 2006)
  • I morgen skal det være åpent for alle (kortprosa, 2007)
  • Der alt er klart (essay, 2008)
  • 48 rue Defacqz (roman, 2009)
  • Hyenene (roman, 2011)
  • Samtidighet (essays, 2011)
  • Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux (roman, 2013)
  • På terrassen i mørket (roman) (2014) ISBN 978-82-495-1409-0
  • Over fjellet (roman) (2017) ISBN 978-82-495-1855-5
  • Jeg drømte at alle bøkene mine sto i kjøkkenskap (artikler og essays) (2018) ISBN 978-82-495-1987-3
  • Roman. Milano (roman) (2019) ISBN 978-82-495-2147-0

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Hanne Ørstavik (28.11.1969)»». forfatterkatalogen.no (Norsk Forfattersentrum). Henta 21. september 2013. 
  2. 2,0 2,1 Beddari, Carina Elisabeth (17. mars 2020). «Hanne Ørstavik». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. «Forferdelig fantastisk», universitas.no (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 27. oktober 2020, henta 25. mai 2020 
  4. «Ørstavik, Hanne», Dagbladet.no (på norsk), 16. august 1998, henta 25. mai 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]