Tana kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tana kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 2025
Fylke Finnmark
Adm.senter Tana bru
Areal 4 055 km²
Folketal 2 900 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Frank Martin Ingilæ (Ap)
Språk

Norsk målform: Bokmål

Samisk språk: Nordsamisk

Nettstad www.tana.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 2025.svg
Tana kommune på Commons
For elva kommunen har fått namn etter, sjå Tanaelva.

Tana (nordsamisk: Deatnu, off. Tana kommune/Deanu gielda) er ein kommune i Finnmark fylke. Han grensar til kommunane Gamvik og Berlevåg i nord, Nesseby i aust, Karasjok i sør, Porsanger og Lebesby i vest, og er eit geografisk og kommunikasjonsmessig knutepunkt i Aust-Finnmark. Over Tanaelva ligg kommunen Utsjoki i Finland. Ein kan passera grensa ved Polmak og over Samelandsbrua ved Utsjoki.

Dei viktigaste næringane i Tana er jordbruk, reindrift, bergverk, bygg/anlegg og tenesteyting. Tana er ein trespråkleg kommune der ein snakkar norsk, samisk og finsk. Kommunen har fått namn etter Tanaelva, som på samisk heiter Deatnu og på finsk Teno (Storelva). Tanafjorden har òg fått namn etter elva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tana kommune oppslukte 1. januar 1964 nabokommunen Polmak kommune.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Tana kommune frå 1920:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4][5] 1.1.1961[4][5] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
2010 2453 2906 3041 3285 3111 3331 3232 3044 2912

Tettstad i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Kjende tanaværingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Tana 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Polmak 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.