Hans-Joachim Walde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans-Joachim Walde


Hans-Joachim Walde til høgre, på sigerspallen under Sommar-OL 1964, vidare mot venstre Willi Holdorf og Rein Aun.

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 28. juni 1942
Gmina Lubin
Død

18. april 2013 (70 år)
Jever

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964

Hans-Joachim Walde (28. juni 194218. april 2013) var ein tysk friidrettsutøvar, fødd i dåverande Landkreis Lüben, dagens Nederschlesiske voivodskap i Polen, som representerte Vest-Tyskland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Walde var ein av verdas beste i tikamp-øvinga gjennom heile tiåret 1963-72. I 1964 vart han vesttysk meister i øvinga, før han same hausten sikra seg bronsemedaljen under Sommar-OL i Tokyo. Tre år seinare var han tilbake i Tokyo, der han vann tikampen i universiaden 1967 med 7 819 poeng. Tidlegare i 1967 oppnådde han 7 992 poeng då han vann eit stemne i Los Angeles framfor Bill Toomey frå USA. Under sommarleikane i Mexico-byen i oktober 1968 gjorde Walde sitt livs beste tikamp-tevling og samla 8 111 poeng (8 094 etter seinare tabell) og tok sølv, verdsrekordhaldaren Bill Toomey vann gullmedaljen. I 1969 vart Walde vesttysk meister for andre gong, året etter sette han verdsrekord i sjukamp. Han vart så tredjemann ved 1971-EM i Helsinki, langt bak europameisteren Joachim Kirst frå Aust-Tyskland og svensken Lennart Hedmark. Walde deltok i Sommar-OL 1972 på vesttysk heimebane, der ein skade gjorde at han trekte seg frå tevlinga etter 4 øvingar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]