Hans Christian Alsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Christian Alsvik (21. april 19361. oktober 2011) var ein norsk fjernsynsmann og forfattar frå Svolvær i Lofoten. Alsvik hadde særleg kompetansefelt innan natur og biologi. Til saman laga han over 3000 naturprogram for NRK.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alsvik utdanna seg til journalist og jobba fyrst i Vestfold Arbeiderblad. I 1966 vart han tilsett i NRK, der han fyrst jobba i Dagsrevyen. Her starta han med naturinnslag i nyhenda, noko som seinare skulle utvikla seg til programmet Ut i naturen, som framleis går fast på NRK. Alsvik var opphavsmann for Ut i naturen, og var programleiar for det i ei årrekkje.

Alsvik meistra fleire språk, m.a. russisk, engelsk og tysk. I mange år samarbeidde han med BBC, og fekk sendt dei fyrste utanlandske naturprogramma på norsk fjernsyn. Ofte var det han sjølv som spelte inn den norske kommentatorrøysta for desse. I karrieren i NRK vart han også forfremja til redaksjonssjef.

Alsvik døydde i oktober 2011 etter lang tids sjukdom.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Salutt (1972)
  • Nattsøster (1973)
  • Glassplaten (1974)
  • Middagsgjesten fra Lopphavet (1975)
  • Hundlort og fiken Roman, (1976)
  • Geparden som ville intervjues (1977)
  • Safari til Strandvågan (1978)
  • Tavaritsj (1979)

Heider[endre | endre wikiteksten]

  • I juni 2001, under utdelinga av Gullruten 2000, vart Hans Christian Alsvik tildelt heidersprisen for innsatsen sin.[1]
  • I 2002 vart Alsvik tildelt Kongens fortenestmedalje i gull.[2]
  • I 2005 fekk han Den norske friluftslivsprisen. I grunngjevinga vart det m.a. sagt at Alsvik som ein av dei ruvande figurane i norsk friluftsliv sette ein standard for presentasjon av natur på fjernsyn gjennom verksemda si i NRK. Kjærleiken til naturen som har prega naturprogramma hans, har vore viktig for friluftslivet i Noreg.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Billy Jacobsen. Hans Christian Alsvik. NRK Nordland Fylkesleksikon. Vitja 6. april 2012.
  2. Tildeling av ordener og medaljer: Søk i arkivet. kongehuset.no. Vitja 6. april 2012.
  3. Grunngjevinga for Friluftlivsprisen til Alsvik