Hanson-formasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hanson-formasjonen
geologisk formasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Fjellkjede Victoria Group
Topp Mount Kirkpatrick i Ross Dependency
Periode Juratida
Administrert under Antarktistraktaten

Hanson-formasjonen er ein av to store steinformasjonar i Antarktis som inneheld fossil av dinosaurar. Den andre er Santa Marta-formasjonen frå seint i kritt-tida. Ein har så langt berre funne ei handfull artar frå mesozoikum og dei fleste er ikkje grave ut. Formasjonen er ein del av Victoria Group i Dei transantarktiske fjella, og ligg nedanom Prebble-formasjonen og oppom Falla-formasjonen.[1]

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Dei første dinosaurane som vart oppdaga i Hanson-formasjonen var predatoren Cryolophosaurus i 1991. Funnet vart formelt skildra i 1994. I lag med desse dinosaurane fann ein fossilerte tre, noko som synte at det hadde vokse planter på overflata av Antarktis før kontinentet dreiv sørover. I tillegg vart det funne tritylodontar, planteetande pattedyrliknande reptilar og pterosaurar store som kråker. Ei overrasking var at ein fann restar av prosauropodar, som ein ofte har funne på andre kontinentet, men då berre fram til den tidlege juratida. Beinfragmenta ein har funne i Hanson-formasjonen vart derimot daterte til midten av juratida, som er millionar av år seinare. I 2004 oppdaga paleontologar restane av ein stor sauropod som ikkje er formelt skildra enno.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Elliot, D.H. (1996). The Hanson Formation: a new stratigraphical unit in the Transantarctic Mountains, Antarctica. Antarctic Science 8(4):389-394.[1]