Dei transantarktiske fjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei transantarktiske fjella
fjellkjede
Dei transantarktiske fjella nord i Victoria Land nær Cape Roberts
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 85°00′S 175°00′W
Høgaste punkt Mount Kirkpatrick
 - høgd 4 528 moh.
 - koordinatar 84°20′S 166°25′E
Lengd 3 500 km
Areal 584 000 km²
Periode kenozoikum
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Dei transantarktiske fjella
85° S 175° W
Wikimedia Commons: Transantarctic Mountains

Dei transantarktiske fjella er den lengste fjellkjeda i Antarktis. Dei transantarktiske fjella strekkjer seg over kontinentet frå Cape Adare nord i Victoria Land til Coats Land. Desse fjella skil Aust-Antarktis frå Vest-Antarktis. Dei omfattar fleire separate fjellkjeder, som igjen er delt inn i mindre fjellkjeder.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fjellkjeda strekkjer mellom Rosshavet og Weddellhavet over heile Antarktis, og dermed namnet. Heile lengda er kring 3500 km og ho er ei av dei lengste fjellkjedene på jorda. Ho er 100–300 km brei og dannar grensa mellom Aust-Antarktis og Vest-Antarktis. Den austantarktiske iskappa grensar til Dei transantarktiske fjella langs heile lengda si på den austlege halvkula, medan fjellkjeda på den vestlege halvkula grensar til Rosshavet i Victoria Land frå Cape Adare til McMurdo Sound, Rossisen frå McMurdo Sound til nær Scottbreen og Den vestantarktiske iskappa bakom.

Fjelltoppane og dei tørre dalane i Dei transantarktiske fjella er nokre av dei få stadane i Antarktis som ikkje er dekte av is. Dei høgaste toppane ligg meir enn 4500 moh. McMurdo Dry Valleys ligg nær McMurdo Sound og er eit spesielt fenomen i Antarktis. Landskapet her er snø- og isfritt på grunn av særs lite nedbør og ablasjon av is i dalane. Det høgaste fjellet i Dei transantarktiske fjella er Mount Kirkpatrick i Queen Alexandra Range på 4528 meter over havet.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Pingvinar, selar og sjøfugl lever langs kysten av Rosshavet i Victoria Land, medan liv i dei indre området av fjella er avgrensa til lav, algar og sopp.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei transantarktiske fjella vart oppdaga av kaptein James Ross i 1841 frå Rosshavet. Fjellkjeda er ein naturleg barrier som må kryssast for å nå Sørpolen frå Rossisen. I 1908 vart Ernest Shackleton og laget hans dei første som kryssa fjella ved å gå opp Beardmorebreen. Robert Scott kom attende til Beardmore i 1911, medan Roald Amundsen kryssa fjellkjeda via Axel Heiberg-breen.

Det meste av fjellkjeda vart ikkje utforska før seint i 1940-åra og i 1950-åra, då ekspedisjonar som Operasjon Highjump og Det internasjonale geofysiske året nytta flyfotografering til å kartlegge store delar av kontinentet. Namnet «Dei transantarktiske fjella» vart tilrådd i 1962 av US-ACAN.

Leverettbreen i Dronning Maudfjella er den planlagde ruta over Dei transantarktiske fjella for ein forsyningsveg mellom McMurdo-basen ved kysten og Amundsen-Scott-stasjonen på Sørpolen.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Flyfoto av Beardmorebreen i 1956.
Mount Herschel (3335 moh) i Admiralty Mountains sett frå Cape Hallett.
Stålis dekkjer Lake Fryxell i Dry Valleys i Dei transantarktiske fjella. Innsjøen er danna av smeltevatn frå Canadabreen og andre mindre isbrear. Ferskvatnet renn over isen og frys og forseglar ein saltlake under isen.

Dei transantarktiske fjella er langt eldre enn dei andre fjellkjedene på kontinentet som hovudsakleg har vulkansk opphav. Fjellkjeda vart heva under opninga av Den vestantarktiske rifta i aust, frå kring 65 million år sidan tidleg i kenozoikum.

Fjella består av sedimentære lag på eit grunnfjell i granitt og gneis. Dei sedimentære laga omfattar Beacon Supergroup av sandstein, siltstein og kolavsettingar frå silur og fram til juratida. Mange stader har gangar og lagergangar av ferrar-doleritt i supergruppa. Mange av fossila funnen i Antarktis er funnen i desse sedimentære formasjonane.

Is frå Det austantarktiske isdekket strøymer gjennom Dei transantarktiske fjella via ei rekkje brearmar og ut i Rosshavet, Rossisen og Den vestantarktiske iskappa. Desse isbreane strøymer generelt vinkelrett til orienteringa til kjeda og definerer mindre fjellkjeder og grupper av fjelltoppar. Ein trur at mange av desse brearmane følgjer spora til store geologiske forkastingar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Davidbreen med Drygalski istunge i bakgrunnen.
Byrdbreen frå Landsat.
Thiel Mountains

I geografisk orden frå Rosshavet mot Weddellhavet:

Victoria Land[endre | endre wikiteksten]

Dei sentrale transantarktiske fjella[endre | endre wikiteksten]

Dronning Maudfjella[endre | endre wikiteksten]

Dei «sørlege» transantarktiske fjella[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]