Hartlepool

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hartlepool

Bymuren i Hartlepool frå seint på 1300-talet. Kalksteinsmuren gjekk ein gong kring heile byen.
Bymuren i Hartlepool frå seint på 1300-talet. Kalksteinsmuren gjekk ein gong kring heile byen.
Plassering
Hartlepool is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap County Durham
Distrikt Hartlepool
Grunnlagd 600-talet
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

86 841
Koordinatar 54°41′″N 1°12′″WKoordinatar: 54°41′″N 1°12′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer TS24 - TS27
Telefon-retningsnummer 01429
Nettstad: www.hartlepool.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hartlepool

Hartlepool er ein by og ei sameint styresmakt i Durham i England. I 1974 vart han overført til det nye grevskapet Cleveland. Då dette vart oppløyst vart Hartlepool sjølvstyrt, og ein del av det seremonielle grevskapet Durham.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hartlepool vart grunnlagt som ein landsby på 600-talet, rundt eit kloster som vart grunnlagt i 640. Det vart kjent under Hilda av Whitby si tid som abbedisse, 647657. Klostret vart øydelagt av vikingar i 800.

I løpet av mellomalderen vart Hartlepool ein liten, men viktig by. Han fekk ein marknad og bymurar, og hamna vart den offisielle hamna til palatinatsgrevskapet Durham. Han var ei praktisk utskipingshamn for kol frå South Durham, og ei jarnbane vart anlagt allereie i 1835. Ein konkurrerande jernbanelinje vart anlagt i 1847, og rundt stasjonen voks West Hartlepool opp.

Dei to byane voks side om side. Folketalet var samla berre omkring 1000 ved byrjinga av 1800-talet og heile 64 000 i 1891. Dei to, kjent som Old Hartlepool og West Hartlepool, vart formelt slått saman i 1967.

Det vart oppretta fleire jernverk og skipsverft på 1800-talet. Dette førde så til at fleire reiarlag slo seg til i byen, og i 1913 var det heile 42 reiarlag med totalt 235 skip. Dette førde til at Tyskland såg på byen som eit viktig mål under første verdskrigen, og mellom 8.10 og 9.30 på morgonen 16. desember 1914 vart Old Hartlepool, West Hartlepool, Whitby og Scarborough skotne på av den tyske marinen. Totalt vart 1150 granatar avfyrt. 137 omkom, og 592 vart såra. Kystbatteria skaut tilbake, 143 skot, og skadde tre skip inkludet slagkryssaren SMS «Blücher». Eit nytt tysk forsøk på å bombardere byen førde til slaget ved Doggerbanken 24. januar 1915.

Under depresjonen i 1930-åra gjekk det hardt utover Hartlepool. Byen hadde høy arbeidsløyse fram til andre verdskrigen, då skipsbygging og stålverk vart viktige industriar. Etter krigen opplevde begge næringar tilbakegang, og den siste sjøsettinga i Hartlepool fann stad i 1961.

Sidan 1960-åra har Hartlepool opplevt vekst i handels- og servicenæringar. Eit stort kjøpesenter vart reist i sentrum, i eit område som vart totalt øydelagt av bombinga under andre verdskrigen. Det har òg kome til ein stor marina. Ved den historiske kaia ligg fregatten HMS «Trincomalee», bygd i Bombay i 1817, som er det eldste krigsskipa som enno flyt.

Utanfor Hartlepool ligg ein gassavkjølt atomreaktor, som vart opna i 1980-åra. Han er planlagt nedlagt i 2014. British Energy meiner at det er fornuftig å erstatte han med ein ny reaktor, noko som har ført til protestar frå miljøverngrupper.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Fotballaget til byen er Hartlepool United FC.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]