Hatzor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hatzor
kibbutz
Land  Israel
Region Kystsletta
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Be'er Tuvia
Koordinatar 31°46′19.55″N 34°43′13.43″E / 31.7720972°N 34.7203972°E / 31.7720972; 34.7203972
Folketal 556 (2015)
Grunnlagd 1936
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Hatzor
31°46′20″N 34°43′13″E / 31.772097222222°N 34.720397222222°E / 31.772097222222; 34.720397222222

Hatzor (hebraisk skrift חָצוֹר), offisielt Hatzor Ashdod for å skilje han frå Hatzor HaGlilit, er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nær Ashdod og høyrer til Be'er Tuvia regionale kommune. I 2011 hadde han 619 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd i 1936 av ei gruppe Hashomer Hatzair-medlemmar from Eretz Israel. Gruppa budde eitt år i Mishmar HaEmek, før dei flytta til Rishon LeZion. Dei vart verande der i ni år, sidan det var vanskeleg å finne høvande landområde. På denne tida slo ungdomsgrupper frå Bulgaria og Nord-Amerika seg saman med gruppa.

I 1943 grunnla ei lita gruppe frå kibbutzen Gvulot, som i lag med to andre, liknande busetnader, Revivim og Beit Eshel, vart kalla dei tre utkikkspunkt, og var dei første jødiske busetnadane i Negev. Den fjerntliggande plasseringa til Gvulot vart rekna som lite høvande for ein permanent busetnad for ein stor kibbutz med over 100 medlemmar og mange barn. I 1946 slo kibbutzen omsider ned på den noverande staden, som på den tida var ei naken høgd med eit forlate steinbrot på eine sida, omringa av fire arabiske landsbyar og ein Royal Air Force-base (no Det israelske luftforsvaret sin Hatzor flybase). Han vart kalla opp etter ein stad i området til den gamle Juda-stamma (Josva 15,23), medan Hatzor HaGlilit er kalla opp etter ein by i området til Naftali-stamma (Josva 19:36).[1]

Under den arabisk-israelske krigen i 1948, frå slutten av mai til oktober 1948, låg kibbutzen nær frontlina til den egyptiske hæren, som hadde rykka heilt fram til Ad Halom, og vart stadig bomba med granatar. Barn og husdyr vart flytta til ein tryggar stad, fram til egyptarane trekte seg attende, medan dei gjenverande innbyggjarane levde i skjul i grøfter. Etter Israel vann sjølvstendet sitt, vart dei kringliggande, arabiske landsbyane fråflytta og innbyggjarane der vart flyktningar på Gazastripa. Landområda deira vart konfiskert av staten og delar vart leigd ut til kibbutzen.

I 1950-åra kom ei ny gruppe av Hashomer Hatzair-medlemmar, hovudsakleg frå Frankrike, til kibbutzen. I 1970-åra hadde kibbutzen kring 300 medlemmar, og det samla folketalet var kring 600. Folketalet minka frå 1980-åra til tidleg i 2000-åra, men har sidan auka og nådde rekordhøge 330 medlemmar i 2011.

Sidan 1990-åra har kibbutzen gått gjennom endringar mot privatisering og gått bort frå mange av fellesoppgåvene. I 2006 vart kvart medlem ansvarleg for å tene til sitt eige opphald.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.193, ISBN 965-220-186-3 (engelsk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]