Gazastripa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Gaza» omdirigerer hit. Sjå òg Gaza by.
Gazastripa og våpenkvilelinja fra 1950

Gazastripa er ei smal landstripe i Midtausten, mot Middelhavet. Namnet kjem av byen Gaza. Området ligg mellom Israel og Egypt, i landskapet Palestina. Området har ei flatevidd på 360 kvadratkilometer, med ei 11 kilometer lang grense mot Egypt og ei 51 kilometer lang grense mot Israel.

Israel okkuperte området etter seksdagarskrigen i 1967. I 2005 kom området i fokus i og med at Israel fjerna jødiske busetjarar. Dei palestinske sjølvstyresmaktene skal etter planen få kontroll med det meste av området. I området bur det om lag 1,3 millionar palestinarar, i hovudsak flyktningar frå andre delar av Palestina. Flyktningane kom til området etter krigen i 1948. Før 1967 hadde Egypt kontrollen over området. Etter at Israel okkuperte området, vart det organisert særskilde busetnader for jødar. Etter kvart fekk 8000 busetjarar kontroll over om lag ein fjerdedel av flatevidda. Etter internasjonalt press annonserte statsminister Ariel Sharon i 2005 at israelske styrkar og busetjarar skulle dragast ut or Gazastripa. Planen har vore omstridd i Israel. Mange jødar ser på Gazastripa som ein del som ein del Israel, og har truga med å ta livet av statsministeren. Evakueringsplanen vart sett i verk og fullførd i oktober 2005. Mykje av den infrastrukturen som Israel hadde bygd opp på Vestbredden vart ståande att slik at palestinarane kunne ha nytte av han. Dette galdt mellom anna ei rad høgteknologiske drivhus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gazastripa
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!