Haukar
| Haukar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Accipitriformes | |
| Familie: | Accipitridae | |
Haukar er ei samling av rovfuglartar frå underfamiliane Melieraxinae og Accipitrinae[1] i haukefamilien med fellesnamnet 'hauk'. Haukane i slekta Accipiter i Accipitrinae, samlar dei fleste artane, til dømes sporvehauk og hønsehauk.
Dette er små til mellomstore rovfuglar med lange bein, lange halar med fleire tverrstriper. Hofuglane er markert større enn hannane.
Artslista [endre]
Kongoslangehauk, Dryotriorchis spectabilis, tanalaslangehauk, Eutriorchis astur, kjerrhaukar i Circus og klatrehaukar i Polyboroides er ikkje rekna som haukar. Øglehauk, Kaupifalco monogrammicus er ofte rekna som våk.
Typiske haukar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [3]
Underfamilie Melieraxinae:
Slekta Melierax
- Mørksonghauk, Melierax metabates, Dark Chanting-Goshawk
- Austsonghauk, Melierax poliopterus, Eastern Chanting-Goshawk
- Bleiksonghauk, Melierax canorus, Pale Chanting-Goshawk
Slekta Micronisus
- Gabarhauk, Micronisus gabar, Gabar Goshawk
Underfamilie Accipitrinae:
Slekta Accipiter, 47 artar.
Slekta Erythrotriorchis
- Raudvenghauk, Erythrotriorchis buergersi, Chestnut-shouldered Goshawk
- Revehauk, Erythrotriorchis radiatus, Red Goshawk
Slekta Megatriorchis
- Tigerhauk, Megatriorchis doriae, Doria's Goshawk
Slekta Urotriorchis
- Langhalehauk, Urotriorchis macrourus, Long-tailed Hawk
Kjelder [endre]
Referansar [endre]
- ↑ Lerner, H. R. L.; Mindell, D. P. (2005). «Phylogeny of eagles, Old World vultures, and other Accipitridae based on nuclear and mitochondrial DNA». Molecular Phylogenetics and Evolution 37 (2): 327–346. doi:10.1016/j.ympev.2005.04.010. ISSN 1055-7903. PMID 15925523.
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 8. oktober 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)