Rovfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei fiskeørn i California et av ein fisk. Med hjelp av det kraftige, bøygde nebbet riv ho opp kjøtet, og ho held byttet med dei kraftige klørne
Foto: Simon Carrasco

Rovfuglar er fuglar som i regelen jaktar føde i flukt eller med åtak frå lufta, med hjelp av spesialiserte sansar, særskilt synssansen. Dette er fuglar som jaktar virveldyr, inkludert andre fuglar. Klørne og nebba har tendens til å vere relativt store, kraftige og tilpassa for oppriving av kjøt. I dei fleste tilfella er hoene monaleg større enn hannane. På grunn av levesettet, ofte på toppen av næringskjeda, står dei overfor ulike trugsmål.

Mange fugleartar kan sjåast på som delvis eller utelukkande predatoriske, men som omgrep i ornitologi gjeld rovfugl berre ei avgrensa mengd fuglefamiliar som lista nedanfor.

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Nokre typiske silhuettar av rovfuglar:
* Lammegribb, Gypaetus barbatus
* Gyps-gribbar, t.d. skjelgribb
* Gjøgleørn, Terathopius ecaudatus
* Aquila-ørner, t.d. kongeørn
* Buteo-våkar, t.d. fjellvåk
* Kjerrhaukar, t.d. sivhauk
* Milvus-glentar, t.d. glente
* Svaleglente, Elanoides forficatus
* Falkar, t.d. tårnfalk
* Accipiter-haukar, t.d. hønsehauk

Illustrasjon ved Wikimedia-brukar Shyamal

I vidaste tyding kan rovfuglar omfatte fuglar som jaktar og lever av dyr, òg dei som et svært små insekt.[1] Innanfor ornitologien, og definisjonen brukt her, har omgrepet ei smalare tyding: fuglar som har svært god synssans for å lokalisere byttedyr, sterke føter for å halde byttet og eit sterkt, bøygd nebb for å rive kjøtet.[2] Dei fleste rovfuglane har òg sterke, kurva klør for å fange eller drepe byttedyr.[2] Rovfuglar tar i regelen virveldyr som vanlegvis er ganske store i høve til storleiken på rovfuglen.[1] Dei fleste et òg åtsel, særleg har gribbar og kondorar kadaver som viktigaste matkjelde.[2] På dette viset utelukkar den smalare definisjonen storkar og måsar som kan ete ganske store fiskar, blant anna fordi desse fuglane fangar og drep byttet heilt med nebbet.[1] Tilsvarande ekskluderer dette joar som tar fuglar, pingvinar som et fisk, og virveldyretande kokaburraer.

I norsk daglegtale kan dei nattaktive uglene, Strigiformes, vere nemnde som rovfuglar, men i skriftleg faglege framstillingar er uglene ikkje rekna som del av omgrepet rovfuglar.[3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dagaktive rovfuglar har sterke bein og føter med rovklør og ei kraftig bakklo. Nesten alle er kjøtetande, dei jaktar med synet i dagslys eller i tussmørker. Dei kan ha særs lang levetid, og dei fleste har låg reproduksjonsrate.

Rovfuglungar veks særs fort fram til dei er flygedyktige, deretter får dei mat ved reiret i tre–åtte veker etter første flygeturen. Det tar frå eitt til tre år før dei er forplantingsdyktige. Kjønna har tydeleg ulik storleik, hos somme artar kan hoer ha over dobbelt vekt av hannen si vekt. Meir typisk er hannen ein tredel under storleiken til hoer. Kjønnsdimorfismen er vanlegvis mest ekstrem hos spesialiserte fugleetarar, som haukane i slekta Accipiter, men han vere heilt fråverande hos gribbar. I hovudregelen er rovfuglar monogame, dei kan finne ny partnar om den gamle døyr.

Rovfuglane[endre | endre wikiteksten]

Etter definisjonen over blir følgjande familiar av fuglar rekna med i omgrepet rovfuglar på norsk, alle er dagaktive fuglar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kålås, John Atle; Jan Ove Gjershaug, Magne Husby, Jan Lifjeld, Terje Lislevand, Karl-Birger Strann og Hallvard Strøm. Norsk rødliste for arter 2010: Fugler. Trondheim: Artsdatabanken. ISBN 978-82-92838-26-6. 
  • Denne artikkelen bygger på «Bird of prey» frå Wikipedia på engelsk, den 3. januar 2011
  1. 1,0 1,1 1,2 Burton, Philip (1989). Birds of Prey. illustrated by Boyer, Trevor; Ellis, Malcolm; Thelwell, David. Gallery Books. s. 8. ISBN 0831763817. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Perrins, Christopher, M; Middleton, Alex, L. A., eds (1984). The Encyclopaedia of Birds. Guild Publishing. s. 102. 
  3. Sjå til dømes Norsk rødliste for arter 2010, side 424: oppramsing av kategoriar: «sjøfugl, rovfugl og ugler».
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.